Unio-leiaren sin replikk:

Personvern under press

Amerikanaren Edward Snowden er både helt og hatobjekt. Han blir skulda for landsforederi i USA for å ha lekka sensitiv overvakinginformasjon. Og han bli hylla for å ha avslørt at enorme mengder data om “vanlege folk” blir samla og registrert av styresmakter, nærast for å vere på den sikre sida.

Publisert: 10. desember 2013

Snowden har i alle fall fått fart i debatten om overvaking og personvern, også her til lands. Det trengst. Informasjonstilgangen og -flyten er enorm i dagens samfunn. Det pressar personvernet og privatlivets “fred”. Også i arbeidslivet.

Dataomfanget er enormt. Tillgang og lagring skjer i stort tempo. Sensitiv informasjon kan både brukast og misbrukast. Teknologiutviklinga tar kontroll. Og mange medverkar sjølve til å spreie privat info både om seg sjølv og andre.

Arbeidsgjevarar har og tilgang på sensitiv informasjon om dei tilsette. Dette krev gode retningsliner og rutinar, og ein høg etisk standard, slik at personvernet blir ivaretatt. Regelverket når det gjeld slik informasjonsbruk er ikkje godt nok. Det finst fleire døme på overtramp. Arbeidstakarar har blitt spora og overvaka utan å ha visst om det.

Difor vil Unio følgje opp eit tidlegare forslag om å styrke regelverket knytt til overvaking og kontroll i arbeidslivet. I tillegg til nasjonalt regelverk, trengst internasjonale reglar. Teknologien stoppar ikkje ved landegrenser.

I tillegg trengst det nok ei opprusting når det gjeld bruk av fjesboka og andre moderne kommunikasjonsformer knytt til arbeidsplassen. Her trengst både bevisstgjering og skolering på “begge sider av bordet”. Av fleire omsyn, ikkje minst gjeld det personvernet. Og av og til også av omsyn til folkeskikken.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv