Unio-leiaren sin replikk:

Kamp for dei uorganiserte

Partane i arbeidslivet – både arbeidstakarsida og arbeidsgjevarsida – er einige om at høg organisasjonsgrad er ein styrke for samfunnet. Tilsynelatande er også regjeringa og regjeringspartia einige i dette. Det er også semje om at det trengst tiltak for å styrke organisasjonsgraden. Regjeringa har til og med invitert til eit partssamarbeid om eit organisert arbeidsliv. Det er bra!

Publisert: 20. mars 2019

Men då må dei meine alvor. I regjeringserklæringa er det lagt inn ei formulering om at ein «anerkjenner (…) at mange arbeidstakere velger å være uorganisert». Høgres landsmøte drog det endå lenger. Der diskuterte ein, visst nok så busta fauk, om formuleringa skulle vere «anerkjenner» eller «forsvarer» retten til å vere uorganisert. Resultatet blei «anerkjenner». Men det betyr i praksis det same, var arbeidsminister Hauglie si tolking i etterkant, ifølgje FriFagbvegelse.

Dette er ein merkeleg debatt, mildt sagt. Det er organisasjonsfridom her til lands. Eg kjenner ingen som meiner noko anna. Ja, meir enn det: Dette er slått fast i Grunnlova og det er ein del av menneskerettane. Og den såkalla «negative» organisasjonsfridomen er også ein del av den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Det er mogeleg at regjeringspartia, og Høgre i sær, fryktar at organisasjonsfridomen skal kome under angrep. Men frå kven? For det kan vel ikkje vere slik at desse partia eigentleg ser seg tente med at det organiserte arbeidslivet blir svekka? Synest regjeringspartia at det er greitt om Noreg på dette området blir meir likt ein del andre land i Europa, og i verda for den del? Det er vanskeleg å tru at det er målet. Men her blir det i alle fall sendt feil signal med høg lydstyrke.

Organisasjonsgraden er fallande også I Norge, men ikkje i offentleg sektor. Her er det høg organisasjonsgrad. Svært høg. Medråderetten har stått sterkt og står framleis sterkt, både gjennom avtaleverket og i praksis. No ser vi likevel at både tillitsvalde og andre opplever at medråderetten blir svekka, ikkje minst i staten, trass høg organisasjonsgrad. Toppstyring og hard HR vinn terreng.

For ei tid sidan oppretta staten eit såkalla arbeidsgjevarråd, med 15 statlege toppleiarar som medlemmer. Dersom dette skulle vere ein slags lyttepost, kunne dette vere ein god idé. Særleg i staten som både blir meir sentralisert og fragmentert på ein gong. Men no kan det sjå ut til at dette er i ferd med å bli noko anna. Høyr på dette spørsmålet frå arbeidsgjevarrådet til andre leiarar i staten: «Ville en avskaffelse av forhandlingsretten medføre et større rom for reell medbestemmelse gjennom grundig drøftinger av de viktige spørsmålene?». Av og til avslører leiande spørsmål haldningane bak.

Her ser vi toppstyrt tankeløyse, kombinert med ei farleg «vi veit best-haldning», der forhandlingar og medråderett bli eit heft. Med eit slikt utgangspunkt, kan ein forstå at fagorganisering blir oppfatta som eit «problem».

Likevel går eg ut frå at denne «ideen» blir avvist. Så mykje politisk gangsyn forventar eg av departement og regjering.

Både regjering, regjeringsparti og toppsjefar i staten bør ta ein fot i bakken. Dei må innsjå at det
organiserte arbeidslivet er bra både for prosessar og resultat. Det gjeld både institusjonar og verksemder, staten og samfunnet.

Kampen for det uorganiserte arbeidslivet trengst kort og godt ikkje.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv