Unio-leiaren sin replikk:

Staten som frontfag?

Staten vil gjerne vere frontfag for forhandlingane i offentleg sektor. Det verkar ikkje som staten maktar den rolla for tida. Det nyttar ikkje å vere frontfag og forhandle med bremsene på. I dobbel forstand.

Publisert: 2. mai 2014

Statens personaldirektør trur tydelegvis at frontfagsmodellen inneber at ho skal blåkopiere det første talet som kjem ut av industriforhandlingane. Det gjorde ho forresten i fjor også.Og bomma stygt. Nærare eit halvt prosentpoeng i høve til industrien samla, og betydeleg meir viss ein ser på industrifunksjonærane.

Unio og dei andre organisasjonane er ikkje uansvarlege. Krava er forankra i frontfagsanslaget på 3, 3 prosent. Då burde i det minste staten ha skamvett nok til å forhandle. Også om dei pengane staten skuldar sine tilsette frå i fjor.

I staden trur visst staten sine forhandlarar at dei statstilsette skal slå seg til ro med betaling i form av ordet frontfaget. Som dei stadig referer til. Også få timar før forhandlingsfristen gjekk ut. Staten burde ha vore i stand til å presentere ei anstendig økonomisk ramme. Det skjedde ikkje. Det er respektlaust overfor dei statstilsette.

Så får vi sjå om statens forhandlarar og politikarane som gir fullmakter kjem på betre tankar i løpet av meklingsperioden.

Viss statsråd Sanner vil fornye og forbetre statens lønns- og forhandlingssystem, bør han starte med å bruke det fullt ut. Sanner bør syte for at samanhengen mellom nasjonale politiske ambisjonar og sentrale forhandlingar blir styrkt, ikkje bygd ned. Partane har fleire verkemiddel til disposisjon. Bruk av justeringsforhandlingar, der stillingsgrupper kan løftast, er særleg viktig for å forbetre samanhengen mellom politikk og lønn.

Regjeringa seier til dømes at politiet skal styrkast. Og ikkje minst blir det varsla storstilt satsing på utdanning av lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar.

Desse blir utdanna ved statlege universitet og høgskular. Det er innlysande at eit nasjonalt forhandlingssystem bør bygge opp under slike nasjonale ambisjonar, og slik gjere yrke og stillingar attraktive. Det held til dømes ikkje at universitetslektorar tener 50 000 mindre enn lågtlønna lektorar i skuleverket. Og med eit endå større gap til funksjonærgrupper i industrien. Det bør vere eit sentralt ansvar å rette opp slike skeivheiter.

Å utvikle kunnskapsnasjonen krev sentrale grep.

Kvfor ikkje bruke tariffoppgjera? No står vi midt i tariff 2014.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv