Unio-leiaren sin replikk:
Vidaregåande mellom fleire stolar
Fylkeskommunane er ikkje spesielt populære. Somme politiske parti vil legge dei ned. Andre parti bryr seg lite. Det ser vi ikkje minst no når statsbudsjettet for 2025 er lagt fram. Heller ikkje KS fokuserer i særleg grad på dette forvaltningsnivået. Dette rammar norsk ungdom.
Publisert: 14. oktober 2024
Vidaregåande opplæring er ei hovudoppgåve for fylkeskommunane. Korleis fylka forvaltar dette ansvaret er først og fremst viktig for dei unge. Men det er også avgjerande for samfunnsøkonomien og for velferdssamfunnet.
Både KS, Unio og andre har slått alarm om den sviktande kommuneøkonomien. Fylkeskommunane er ein del av dette, men har lett for å bli gløymt blant dei mange kommunale oppgåvene. Då KS kommenterte budsjettframlegget i Stortinget, verka det som det var etterslepet på vegane som var det største fylkeskommunale problemet. Hol i vegane er trasig, men det er meir alvorleg med hol i utdanningssystemet.
Når sysselsetting, utanforskap, uføre og trygdeordningar er tema, blir blikket ofte retta mot vidaregåande opplæring. Det blir stadig gjentatt at unge som ikkje har gjennomført vidaregåande er overrepresenterte i statistikken for arbeidslause og unge uføre. Men er det dette som dominerer når fylkeskommunane diskuterer budsjettprioriteringar? Det er dessverre sjeldan kost. I slike debattar handlar det oftast om nedlegging av skular, klassar og fagtilbod. Det handlar om effektivisering, om stordriftsfordelar og om innsparing.
Dag og Tid hadde ei talande overskrift i førre utgåve (11.10.24): Slaktar skular med sparekniv. Saka blei oppsummert på følgjande måte: Når fylkeskommunane skal kutte, går det hardt ut over vidaregåande skule. Fag, linjer og heile skular forsvinn.
Avisa tok særleg for seg situasjonen i Innlandet. Forslag til kutt kjem i første omgang frå fylkesbyråkratiet. Det blir vist til «endra rammevilkår» og til «demografi». I praksis handlar det om dårlegare økonomi og om at det dei komande åra blir færre ungdommar mellom 16 og 19 år. Fylkesvaraordføraren viser til at når fylket har 13500 skuleplassar og 11700 elevar, «gir svaret seg sjølv». Men gjer det eigentleg det? Det går mange bussar, båtar og tog landet rundt med tomme sete. Ikkje eingong flyselskapa budsjetterer med heilt fulle fly. Eit belegg på litt over 50 prosent blir visst rekna som brukbart. Heller ikkje alle vegar er «fulle» heile tida. Det er mykje her i landet som må leggast ned viss alt skal vere «fullt» til ei kvar tid.
Det er ikkje berre elevar og storsamfunnet som taper på denne sparekniven. Det går også hardt ut over lokalmiljø og kulturliv. I Ottadalen kjem det skarpe protestar på forslaget om å legge ned den vidaregåande skulen på Lom. Mange meiner at denne skulen også er ein viktig institusjon for nynorsk i området. Dei kjempar for å verne skulen. Men det er vel ikkje å vente at slike argument får plass i reknearka frå direktørane.
Innlandet er slett ikkje det einaste fylket der sparekniven blir retta mot dei vidaregåande skulane. Tvert imot. Det er normalen. Ifølgje KS vil budsjettsprekken for fylkeskommunane bli om lag 10 milliardar kroner i 2024.
Vidaregåande er portalen til både høgare utdanning og arbeidsliv. Dei fleste yrke og tenester drar nytte av at vidaregåande opplæring held høg kvalitet i vid forstand. Dette erfarer Unio-forbunda sine medlemmer kvar einaste dag.
Regjeringa vil at flest mogeleg skal velje yrkesfag. Men dei fleste yrkesfaga krev kostbart utstyr, og det er kostnader knytt til andre nødvendige tiltak for god opplæring. Fråfallet er dessutan stort i fleire av faga. Sentralisering er definitivt ikkje det beste botemiddelet. Fleire får lang reise, og må kanskje bu borte. Men stram økonomi fører nettopp til sentralisering. Og det vil vel ikkje regjeringa, og slett ikkje Senterpartiet, ha på seg?
Fylkeskommunane skyt seg sjølv i foten når budsjettbalansen her og no er viktigare enn langsiktige konsekvensar. Dette ser samstundes ut til å vere i tråd med regjeringa sine økonomiske prioriteringar. Dermed får vi ein vidaregåande skule som ramlar mellom fleire stolar.
Det rammar ungdom, og det rammar lokalsamfunn. Skadeverknadene for storsamfunnet kjem også.










