Unio-leiaren sin replikk:

3,3 – truverdig eller ny bom?

NHO har kunngjort at anslaget for lønnsveksten i industrien samla er 3,3 prosent. Dette er det same som resultatet frå årets første oppgjer som var mellom Norsk industri og Fellesforbundet. Så får tida vise om dette var det «truverdige» anslaget for lønnsveksten i industrien, som Holdenutvalet etterlyste.

Publisert: 7. april 2014

I alle fall – Unio legg dette anslaget til grunn som rettesnor for dei komande oppgjera. Men det kviler noko usikkert over dette anslaget. Stein Lier Hansen i Norsk Industri seier det rett ut til Aftenposten. Han forventar at den samla ramma blir noko over 3.3 prosent: «De (funksjonærene) vil fort ligge noen tideler over 3.3 prosent», seier han. Som sant er, i alle fall ifølgje historia.

Likevel hissar han seg opp til store høgder fordi eg har sagt at det er rimeleg at dei tariffområda som fekk mindre enn industrien i fjor, skal hente inn det tapte. Kanskje likar han dårleg å bli minna om frontfagsbommen frå 2013? På denne tida i fjor blei det sagt at frontfagsramma var 3,4. Den blei 3.9 for industrien samla, og 4,3 for funksjonærane. Til VG seier Lier Hansen at eg ikkje veit skilnad på golv og tak, og kallar «sitt» resultat for tak.

Spørsmålet er om Lier Hansen har blitt betre bygningsmann sidan i fjor. Taket han laga då måtte i alle fall byggast om. I tillegg seier han: «Vi har lønnsoppgjør hvert eneste år. Skulle det oppstå skjevheter ett år, er det bare å justere dette året etter», er Lier Hansens medisin. Nettopp. Han bomma i fjor. Justeringa han viser til står no for tur.

NHO er tydelegvis livredde for ein ny frontfagsbom:

I DN 4. april manar Kristin Skogen Lund difor medlemsbedriftene til å «være solidariske og holde de lokale lønnstilleggene nede». Men justeringar i ettertid vil ho, i motsetnad til Lier Hansen, ikkje ha noko av. Skilnader som oppstår kallar ho «dynamisk». Og klamrar seg så til eit håp om at industrien samla vil kome under 3.3.

Vi får sjå om eitt år, som ho seier. Men det høyrest nesten ut som om Skogen Lund forventar økonomisk krise og nedgangstider. I mellomtida får NHO-folka ta ein frontfagsprat på kammerset.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv