Unio-leiaren sin replikk:

Mekling – mykje på spel

Riksmeklaren si fremste oppgåve er å medverke til arbeidsfred. Jobben er å hindre streik. Det er talande for rolla at overskrifta på boka til hundreårsjubileet for Riksmeklaren er «Fred er dog det beste». Likevel, somme gonger klarer ikkje riksmeklaren å få partane til å bli einige. Det blir arbeidskonflikt.

Publisert: 9. mai 2022

Streik er lovleg. Det er ein regulert kampsituasjon. Det er open strid mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar. Då er målet for arbeidstakarane å presse arbeidsgjevarane tilbake til forhandlingsbordet. Det skjer frå tid til anna. Partane har ansvaret for ein eventuell konflikt. Men ikkje sjeldan er politikken tett på. Regjeringa er i kulissane, om enn ikkje på den synlege rollelista. I offentleg sektor er den mest vanlege «løysinga» på ein konflikt at regjeringa grip inn og vedtar tvungen lønnsnemnd. Nettopp det skjedde med streikane i KS og Oslo kommune ved konflikten i 2021.

No er det for Unios del mekling i tre tariffområde: staten, KS-området og i Oslo kommune. Forhandlingane for sjukehusa i Spekter er sette på vent. Både arbeidsgjevarsida og Unio veit at dette blir ei særs krevjande meklingsperiode. Også meklaren har gitt inntrykk av at ei tøff oppgåve ventar.

Riksmeklaren har klart «det umogelege» i enkelte meklingar tidlegare. Men alle veit at skal han lukkast, må partane flytte på seg. Då forhandlingane blei brotne, var avstanden stor.

Hovudspørsmålet er kor sterkt arbeidsgjevarane vil binde seg til frontfagsresultatet. Lønnsveksten derfrå er spådd til å verte 3,7 prosent. Unio-forhandlarane har lenge varsla at det ikkje er nok til å ta att det tapte frå tidlegare. Dei fleste hugsar at frontfagsanslaget for 2020 og 2021 ikkje slo til. Lønnsveksten i industrien blei høgare. Offentleg sektor tapte fordi arbeidsgjevarane hadde låst seg fast i ein misforstått «lojalitet» til frontfaget.

Denne arbeidsgjevarhaldninga svekkjer offentleg sektor som attraktiv arbeidsmarknad for folk med lang utdanning og høg kompetanse. Difor skrik offentleg sektor etter kompetanse, ikkje minst er det prekær mangel på kompetent personell i kommunane. Det er uforståeleg at kommunane lar KS føre ein tariffpolitikk som undergrev rekrutteringa til helse- og utdanningssektoren!

I boka om Riksmeklaren spør forfattar Stein Aabø: «Hva er så en god mekling?»

Dåverande riksmeklar, Nils Dalseide, svarte: «Suksessfaktoren vår er ikke at streiker skal forsvinne, for streiker og streikevåpenet har en viktig funksjon og plass. Men vi bør ikke ha unødvendige konflikter, slike som kunne ha vært løst i minnelighet.»

Men Dalseide var påpasseleg med å framheve at også ei god mekling kunne ende med streik!

24. mai veit vi svaret for desse meklingane. Mykje står på spel. Blir det streik eller arbeidsfred?

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv