EUs sosiale pilar møter arbeidsgjevarmotstand

Dei fire fridomane – fri flyt av varer, tenester, kapital og folk – er overordna det meste i EU. Desse basisprinsippa gjer at andre forhold, som til dømes arbeidsvilkår og sosiale forhold, ofte må vike – same kor urimeleg det verkar.

Publisert: 21. november 2017

Gjennom den økonomiske kriseperioden som lenge prega EU, var innsparing og budsjettkutt hovudstrategien frå Brussel. I tråd med fri flyt-prinsippet fekk vi ein negativ konkurranse mellom EU-landa, noko som også Noreg fekk merke. Ikkje minst gjennom arbeidsinnvandringa. Lønningar blei pressa nedover, arbeidsvilkår likeins, og sosiale standardkrav kom under sterkt press.

Den europeiske fagrørsla var i sterk opposisjon til denne strategien, og har i årevis kravd forsterka EU-innsats på det sosiale området.

Under eit sosialt toppmøte i EU-regi sist veke blei den såkalla sosiale pilaren vedtatt av medlemslanda I EU. Dette er eit viktig gjennomslag, meiner den Europeiske fagrørsla (ETUC), som har arbeidd for at dokumentet skal bli mest mogeleg forpliktande. Nordisk fagrørsle (NFS) har støtta opp om dette. Sosial rettferd er faktisk eit viktig element for å styrke konkurransekrafta, og rettferdig fordeling er i praksis ein del av den nordiske modellen. Difor skulle ein tru at den sosiale pilaren fekk brei og full støtte frå nordisk hald.

Det var difor med vantru eg registrerer at dei nordiske arbeidsgjevarorganisasjonane, inkludert NHO, er sterkt kritiske. I fleire artiklar i svenske aviser påstår dei at EUs sosiale pilar undergrev både den nasjonale sjølvråderetten og den nordiske modellen. Enten  tar dei rett og slett feil, eller så vel arbeidsgjevarorganisasjonane bevisst å misforstå den sosiale pilaren. Dette er alvorleg, og kan sjåast som eit forsøk på å svekke, ikkje å forsvare, den nordiske modellen. Og det kjem frå aktørar som vanlegvis heiar på EU! Men som no plasserer seg på sidelina.

EU er ikkje identisk med Europa, sjølv om det av og til høyrest slik ut. Men både EU og Europa samla kan dra nytte av eit signal om at EU vil prioritere meir rettferdige arbeids- og levekår for innbyggarane. Det trengst til fulle!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv