Unio-leiaren sin replikk:

Nyttårsønske

Kva for nyttårsønske har du då? Spørsmålet kom frå eit par kjenningar eg møtte i skiløypa nyttårsaftan? Eit knallbra lønnsoppgjer for medlemmene, var det første forslaget dei kom med. Ja, det kjem sjølvsagt høgt på lista. Men når alt kjem til alt: Det største nyttårsønsket er at det blir slutt på vanvittige krigar og ufattelege lidingar.

Publisert: 2. januar 2024

Kvar einaste dag får vi grusomme bilde og forteljingar frå krigen i Ukraina og frå krigen mellom Israel og Hamas der Gaza blir bomba i ruinar. Vi veit også at det er krigshandlingar fleire andre stader i verda, men desse når ikkje opp i mediebildet på same måte.

Kvifor går statsleiarar amok slik vi no opplever? Ja, det har skjedd før – mange gonger. Men verdssamfunnet gjer trass alt framgang på fleire område. Kommunikasjon mellom både folk og land er enklare enn før. Likevel er Putin, Netanyahu og Hamasleiinga lite lydhøyre. Dei viser ingen nåde. Soldatar og sivile blir brukte som skjold for kyniske og maktglade leiarar, som tilsynelatande lever trygt i eigen luksus. Hamasleiinga har til alt overmål plassert seg sjølv i Doha, eit godt stykke unna krigen.

Verdssamfunnet sine viktige institusjonar verkar makteslause. I tryggingsrådet er det vetomakta som rår. Russland og USA stoppar det meste. Jens Stoltenberg har fått mykje ros for leiarskapet sitt i NATO. Og med god grunn. Likevel ser det ut til at det er diktatorar som Erdogan i Tyrkia og Orban i Ungarn som har mest makt, i alle fall blokkerings- eller utpressingsmakt.

Den norske regjeringa, med stor støtte i Stortinget, har vore tydeleg i fordømming av krigane i både Ukraina og på Gaza. Det er bra og nødvendig. Støtta til Ukraina har vore unison både når det gjeld økonomisk støtte og støtte i form av krigsmateriell. Ikkje minst har det vore viktig at vi har opna opp for å ta imot flyktningar. Kommunane har vore rause, dei tilsette like eins. Både helsetenesta og utdanningssystemet bruker store ressursar på flyktningar. Knapt nokon har reist spørsmål ved dette. Men no røyner det på. Det manglar både plass, pengar og folk i mange kommunar. Regjeringa må raskt sikre kommuneøkonomien, slik at både flyktningar og fastbuande får det dei treng.

Statsminister Jonas Gahr Stør brukte nyttårstalen til å prøve å tenne eit håp. «Vi er ikke maktsløse», sa han. I det daglege kan vi nok kjenne oss makteslause kvar enkelt av oss. Fagrørsla har styrke, både nasjonalt og internasjonalt. Men krig i verkeleg forstand er ikkje vårt fagfelt. Ein av kjerneverdiane våre er solidaritet. Gjennom ord og fellesskap kan vi gjere vårt for å fungere som fredsrørsle.

Vi får gå inn i 2024 i håp om at statsministeren har rett, og at mektige og maktglade statsleiarar innser at fred faktisk er det beste.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv