Unio-leiaren sin replikk:
Vi har ikkje råd!
Nei, vi har ikkje råd til kutt i løyvingane til forsking og høgare utdanning! Regjeringa har brukt hausten til å snakke ned forventningane til stasbudsjettet. Det blir uvanleg stramt, har vore meldinga. Og det har vore lagt til at mange blir misnøgde. Statsbudsjettet blir lagt fram 6.oktober. Spenninga er stor.
Publisert: 26. september 2022
«Kunnskap skal bli den nye oljen.» «Det er kunnskap vi skal leve av i framtida.» Slagorda har kome jamt og trutt frå dei fleste politiske partia. Løyvingane i heile kunnskapskjeda – frå barnehage til universitet – har auke, men ikkje i takt med dei politisk skapte forventningane. Og slett ikkje i takt med behova.
Samstundes med budsjettet skal regjeringa legge fram langtidsplanen for høgare utdanning og forsking. Det vil vere overraskande om regjeringa reduserer ambisjonane for forsking og kunnskap. Rett nok har det i lengre tid kome tvitydige signal frå regjeringa om satsinga på høgare utdanning og forsking. Det handlar ikkje berre om den tidlegare innstramminga overfor Forskingsrådet. Det er skapt uro både om byggeplanar, utstyr og stillingar.
Difor er det fleire i sektoren som er spente og urolege før budsjettframlegginga. Eitt av punkta som er i søkelyset er kuttet i ABE-reforma. Regjeringa har lovd å kvitte seg med dette ostehøvelkuttet, som har svekt både universitets- og høgskulesektoren og andre offentlege etatar. Berre denne sektoren har fått kutt som svarar til om lag 1,5 milliardar kroner sidan 2015. Eg forventar i det minste at budsjettet tydeleg viser at det går mot slutten av ABE-reforma.
Vi har eit system for finansiering for forsking som ikkje utan vidare skaper føreseielege vilkår, verken for forskingsprosjekt eller forskarar. Kutt i løyvingar kan føre til oppseiingar. Det vil vere uhaldbart. Dessutan er det framleis altfor mange i denne sektoren som lever utrygt fordi dei ikkje er tilsett i faste stillingar. Også her forventar eg tydelege grep frå regjeringa og statsråden for høgare utdanning og forsking.
Kvalitet i universitets- og høgskulesektoren er avhengig av gode arbeidsvilkår, slik at tilsette i både undervisning og forsking har rammevilkår for å gjere jobben på best mogeleg vis. Finansieringa og styringa av sektoren må byggje opp under den akademiske fridomen. Både grunnforskinga og oppdragsforskinga gir viktige bidrag til ny kunnskap og nye næringar. Ikkje minst er forsking og kunnskapsformidling avgjerande for at vi skal lukkast med det grøne skiftet. Her er det ikkje bere naturvitskaplege og teknologiske fag som er viktige. Samfunnsvitskaplege og humanistiske fag leverer også viktige bidrag, ikkje minst med tanke på å skape kunnskap om og forståing for kva for endringar som må til for å vinne fram i arbeidet for å nå klimamåla.
Når vi får statsbudsjettet og langtidsplanen i samanheng, veit vi meir om regjeringa sine ambisjonar. Og om kvar innsatsen må settast inn. Vi ikkje har råd til å redusere innsatsen for forskingsbasert kunnskap.