Unio-leiaren sin replikk:
Varsku frå grasrota
To sterke ytringar har gjort inntrykk, og dei har vekt debatt. Eg tenkjer på to avisinnlegg med klare meldingar frå to kvinner i arbeidslivet. Dei er ulike. Men direkte og indirekte reagerer begge på stadige krav frå den politiske eliten om at arbeidsfolk må yte meir.
Publisert: 6. mars 2013
– De kjenner ikkje kvardagen godt nok, og de underkjenner i praksis innsatsen vår, er bodskapen frå begge – til regjeringa, til styresmakter. Også me som er plasserte i leiande fagforeiningsposisjonar skal merke oss meldingane.
Den eine ytringa kjem frå Ingunn Jensen (Dagbladet, 22. februar). Ho er i full jobb, no i offentleg sektor, tidlegare i den private sektoren. – Slutt å klage over innsatsen min, ropar ho ut med klar adresse til statsminister og finansminister, som vil at folk skal stå på endå meir. Ho er lei av meldingar om at vanlege folk “jobber for lite, har for korte arbeidsdager, tjener for mye, og får for høy pensjon. Nok er nok”. Ho tener 470 000 kroner i året, og vil få litt over 300 000 i pensjon. Det er forresten det NHO-sjefen meiner er gullpensjon.
Eliten har tydelegvis ikkje tenkt godt nok over korleis bodskapen om å yte meir, at den gjennomsnittlege arbeidstida må auakst, kan bli oppfatta av slitarar på grasrota. Kanskje illustrerer det elitens paradoks. Ein vil det beste for folket, fortaper seg i statistikk og prognosar, utan å kjenne arbeidskvardagen på kroppen.
Den andre kvinna, Tone Digranes, er førskulelærar og skriv om tidsklemma i barnehagen. Medan politikarar sentralt og lokalt stadig tar fram sjølvrosen over den fantastiske barnehagesatsinga, fortel førskulelæraren om kvardagen sin. Om tida som ikkje strekkjer til, om planar som ikkje kan gjennomførast. Om å stå på litt ekstra, reise heim litt for seint, frustrert og skuffa over det ein ikkje kunne få gjort, frustrert over at borna ikkje fekk dei opplevingane, den kvaliteten dei burde ha fått.
Slike kvardagar, er det mange som har. Ikkje minst gjeld det for dei som arbeider med og for folk. Tida strekker ikkje til. Faren for resignasjon er der. Men i staden tøyer mange strikken – av og til for langt. Og då blir blir søkelyset retta mot høgt sjukefråvere i offentleg sektor, og særleg det “uforståelege” sjukefråveret for kvinner.
Ingunn Jensen, som skreiv i Dagbladet, konkluderer med at i år skal ho ikkje bruke røystretten. Slik vil ho protestere mot den politiske eliten. Ein treng ikkje vere einig i den forma for protest. Men eg forstår godt at ho ønskjer å seie frå. Og det eit alvorleg varsku. Dersom den politiske eliten skuvar folk frå seg, er det fare på ferde. Og det passar dårleg med “den norske modellen”.