Unio-leiaren sin replikk:

Klimaavtale på rett spor

Ein ny klimaavtale er på plass. Før Paris-forhandlingane sa eg at det viktigaste var å unngå fiasko. Det var nemleg resultatet av København-forhandlingane i 2009. No er det snarare slik at ein kan snakke om suksess. I alle fall med faren for fiaskorepetisjon som utgangspunkt.

Publisert: 14. desember 2015

Mykje tyder på at den norske delegasjonen har gjort ein solid jobb. Både med tanke på regelmessig oppdatering og rapportering av den nasjonale innsatsen og med tanke på å avtalefestet langsiktige og operative klimamål. Noreg gjekk også i bresjen for å avsette 100 milliard dollar til klimatiltak i utviklingsland. Tine Sundtoft fortener ros både for innsatsen og resultatet. No må ho legge seg på same tøffe lina overfor dei som vil bremse oppfølginga her heime. Ho må halde ein del regjeringskollegaer stramt i øyrene.

Avtalen er nemleg så sterk at den ganske raskt vil slå inn i den heimlege debatten. Både oljeutbygging, transport og andre utsleppsområde vil måtte underleggast nye krav og dermed nye prioriteringar nasjonalt. Noreg må syte for utsleppskutt heime i eit omfang som vil skjerpe den politiske striden. Og folk flest vil merke at det kostar å skade klimaet. I så måte kjem innstillinga frå grøn skattekommisjon i rett tid.

Sjølvsagt er det mange kritiske røyster til avtalen: Ambisjonane burde ha vore høgre, tiltaka tøffare og verkemidla meir konkrete Likevel er det også grunn til å understreke at dette er ein sterkare avtale enn nokon gong før. Særleg er det viktig at både USA og andre stormakter, no er medspelarar meir enn motspelarar i klimakampen. Rett nok meir på papiret enn i praksis, er eg redd.

Den internasjonale fagrørsla er frustrert over at ikkje vårt eige slagord, ”just transition” blei løfta fram i hovudteksten. Heller ikkje sikring av menneskerettar fekk plass i målformuleringane. Likevel dette omgrepet, og fleire andre, er med i det som blir kalla forteksten. Dermed er desse verdiane inkludert i avtalen. Dette gir eit godt utgangspunkt for fagrørsla til aktiv og konstruktiv oppfølging – pågåande press – både internasjonalt og nasjonalt. Og det var trass alt utsleppsreduksjonar som var hovudtemaet.

Også for Unio står eit viktig arbeid føre. Klimaplattforma som representantskapet vedtok 10. desember skal følgjast opp og konkretiserast. Konteksten er både krevjande og spennande: Ny global klimaavtale, med sterkare forpliktingar for Noreg, og for Unio.

Eg ønskjer den nyvalde leiinga, med Ragnhild Lied i spissen, lukke til.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv