Unio-leiaren sin replikk:

Tariff 24 er ikkje over

Det har vore knytt både spenning og forventning til tariffoppgjera i offentleg sektor. Det er ikkje underleg. Det handlar om verdsetting, det handlar om pengar og det handlar om offentleg sektors evne og vilje til å rekruttere og behalde tilsette med nødvendig kompetanse og utdanning. Media jaktar dessutan på konfliktar både mellom arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, og fokuserer ikkje minst på spenninga mellom organisasjonane.

Publisert: 6. mai 2024

Etter tøffe forhandlingar kunne Unio denne gongen skrive under ny hovudtariffavtale med KS. KS-avtalen som gjeld alle kommunar og fylkeskommunar (unntatt Oslo) er landets klart største tariffområde med meir enn 400 000 tilsette. Derimot må det mekling til både i det statlege tariffområdet og i Oslo kommune. Her var det ikkje råd å kome fram til forhandlingsløysing. Meklinga i desse to områda er i gang, og fristen er 23. mai, altså natt til fredag 24.mai.

I staten var det ikkje vilje til å legge nok pengar på bordet. Det verka viktigare for staten å få i stand ein felles tariffavtale for alle fire hovudsamanslutningane enn å syte for at staten kan hevde seg i kampen om kompetansen. Ikkje uventa spelar regjeringa og LO saman for å få ei ny felles avtaleordning. No blir det opp til riksmeklaren å handtere desse utfordringane.

I Oslo kommune var det også lite reell forhandlingsvilje frå arbeidsgjevar. Økonomien som blei lagt på bordet var for dårleg. Det var også ei krevjande tautrekking om avtaleteksten.

Riksmeklaren si hovudoppgåve er å hindre streik. Alle partar har ansvar for å finne løysing. Om det likevel ikkje lukkast, er Unio godt budd på ein eventuell konfliktsituasjon både i staten og i Oslo-kommune.

Tariffoppgjeret 2024 er altså ikkje avslutta. Langt derifrå. Det vil bli viktige og krevjande forhandlingar mellom anna i Spekter-området, der sjukehusa står overfor store utfordringar med å rekruttere og behalde rett kompetanse. Også andre forhandlingar er i kjømda, og for fleire av Unio-forbunda står det med andre ord att mykje tariffarbeid, både i offentleg og i privat sektor.

Dessutan – tariffarbeidet skjer ikkje berre i april og mai. Lønn og arbeidsvilkår er heilårsaktivitet. I kommunar og fylkeskommunar skal det i år også forhandlast om ein lokal pott. Her gjeld det å bu seg godt og stille best mogeleg rusta til dragkampen om pengar. Dette er primært ei oppgåve for forbunda lokalt.

Som vanleg ser vi at arbeidsgjevarsida langt på veg ser på det foreløpige frontfagsresultatet på 5,2 prosent som eit lønnstak. Sjølv om prognosane tilseier at dette gir ein reallønsvekst for dei fleste, er det ikkje nok til å styrke offentleg sektors posisjon i kampen om kompetansen. Her må det sterkare lut til, altså meir pengar. Det er også all grunn til å tru at lønnsgapet på om lag 200 000 kroner mellom utdanningsgrupper i offentleg og privat sektor vil halde seg. Somme spår alt no at enkelte grupper i privat sektor vil sprenge frontfagsramma. Det står att å sjå.

Men akkurat no går Unio-forhandlarane inn i ein viktig og krevjande meklingsperiode i staten og i Oslo-kommune. Som vanleg stiller Unio med både kløkt, kreativitet og kraft, og sjølvsagt med forhandlingsvilje. Det kjem i alle fall ikkje til å mangle gode argument frå Unio si side.

Så vil eg på nytt minne både tillitsvalde og medlemmer på at tariffpolitikk og tariffarbeid er ein kontinuerleg prosess, både sentralt og lokalt. Det er nærast for «heilårsidrett» å rekne.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv