Unio-leiaren sin replikk:

Dumping i lufta

Billegare arbeidskraft – lågare lønn, dårlegare arbeidsvilkår. Dette har altfor lenge vore både mottoet og politikken i store delar av Europa. Konkurransekraft handlar om å presse vilkåra for dei tilsette nedover. Norske styresmakter har sett i verk ei rekkje tilta for å hindre slik sosial dumping her til lands.

Publisert: 29. april 2013

No må kampen trappast opp i flytrafikken. For å flytte folk over grenser, ikkje minst reiseivrige nordmenn, ser vi dagleg fantastiske pristilbod – billettdumping i stor stil. Konsekvensen er dumping av vilkår for dei tilsette. Ryan Air driv sitt eige råkøyr. Det smittar. Vi såg klare tendensar også i SAS, med nedbemanning og lønnsnedgang. Men Norwegian og Bjørn Kjos vil gå endå lenger. Utflagging og bruk av billeg arbeidskraft frå Asia står på hans resept. Konkurranse på norske vilkår er eit tapsprosjekt, meiner Kjos, med stadig stivare smil.

Flytrafikken er global. Konkurransen like eins. Og det er tøft, også for dei som skal tene pengar. Men skal det verkeleg vere heilt fritt fram? Det må vere mogeleg å sette grenser. Finne reguleringar, i det minste i Europa, som kan tøyle jaget etter inntening. Det vil også gagne seriøse selskap. Konkurranse på «like vilkår» er elles noko næringslivet sjølv krev.

Sjøfarten har vore gjennom sin store globaliseringsperiode, og problem finst det framleis nok av. Men ein del mottiltak har trass alt hatt positiv effekt. No er altså luftfart på dagsordenen. Så langt har norske styresmakter vore for avventande.

Politikk er å ville. Ofte inneber det å bestemme og å regulere. Det er nødvendig viss vi skal ha norsk luftfart og norsk mannskap i framtida. Og får liberalistane i finansnæringa og tilstøytande næringar viljen sin, vil det meste kunne «utflaggast». Også utdanning og velferd kan dumpast. Det finst alltid nokon som kan arbeide litt billegare, viss dei får lov – eller er tvinga til det.

Det er klare reglar for flytryggleik. Det set i alle fall passasjerane pris på. Og som kundar burde vi gjere det i større grad. Også i praksis. Dumping i lufta er risikabelt.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv