Feit tariffaperitiff
Det var nok mange som sperra opp auga då NRK før helga melde om bonusfest i Statoil. Alle tilsette skulle få ein bonus på 5,5 prosent av eiga lønn. Snittlønna i Statoil er om lag 1 million i året, grunnlønna er noko lågare. Dette må kallast ein feit tariffaperitiff!
Publisert: 7. mars 2016
Først og fremst for dei Statoiltilsette. Men kva med resten av arbeidslivet?
Statoil blir av og til kalla lokomotivet i norsk økonomi. Og det er nok ikkje først og fremst fordi selskapet spyr ut forureinande røyk. Men fordi selskapet har hatt økonomiske hestekrefter som få andre. Framleis er muskelkrafta til stades. Men testresultata har likevel vore motstridande dei siste månadane.
På den eine sida har vi høyrt om store og «nødvendige» nedbemanningar. På den andre sida har selskapet tatt seg råd til å betale ut heile 23 milliardar kroner i utbytte til aksjonærane sine. Kontrastane står med andre ord i kø. Det beste som kan seiast om bonusane er at når selskapet har råd til å betale slike formidable utbytte til eigarane, er det både rett og rimeleg at det dryp litt på dei tilsette. Men der er eit paradoks til: Statoil må låne pengar for å ha råd til utbyttefesten.
Før jul fekk alle tilsette tilbod om sluttpakke. Og anslaga er at opp til 1500 tilsette må forlate jobben sin i løpet av 2016. På den bakgrunnen blir det mildt sagt spesielt når Statoils informasjonsdirektør grunngir bonusane med at «vi gjør dette for å ha god insentivordning for våre ansatte». Insentiv til å svelgje unna både utbyttefest og at kollegaer får fyken?
Det blir verken utbyttefest eller bonusfest når tariffoppgjera i resten av arbeidslivet startar opp. I offentleg sektor er dette meir eller mindre ukjende tema. Arbeidsgjevarsida, med Norsk Industri i spissen, har lenge ropt null, null, null lenge. Ei av grunngjevingane har vore nedturen i oljenæringa. Som Statoil er ein del av. Statoil er forresten også medlem i Norsk Industri, og dermed i NHO…
Nullargumenta har ikkje vore særleg truverdige. No er dei knuste, og det singlar i glas.