Unio-leiaren sin replikk:
Aldersdiskriminering?
VG presenterer 12. januar fleire historier om seniorar som har blitt pressa ut av arbeidslivet mot sin vilje. Dei vil gjerne halde fram, sjølv om dei har nådd «aldersgrensa».
Publisert: 13. januar 2014
Stasråd Eriksson støttar dei, i alle fall ifølgje VG. Han vil endre lovverket slik at arbeidsgjevarar ikkje kan presse ut folk på grunn av alder. No er det litt uklart om statsråden først og fremst meiner at interne aldersgrenser, for eksempel 67 eller 65 år, skal bli ulovleg, eller om han også vil fjerne alle aldersgrenser.
Å gjere det siste er både korttenkt og uklokt. Etter Unio sitt syn er det fornuftig at arbeidslivet har ei øvre aldersgrense. Då veit både arbeidstakar og arbeidsgjevar at ein må bu seg på at yrkeslivet går mot slutten. Og når det skal skje.
Utan slike ordningar, kan det lett bli mange dårlege og uverdige avsluttingar. Aldersgrenser er såleis ei fornuftig ordning for begge partar. Om grensa framleis skal vere 70, eller hevast, er det gode grunnar for å drøfte. Samstundes bør regelverket vere slik at dersom arbeidsgjevar og arbeidstakar er einige om å forlenge arbeidsforholdet, bør det vere både mogeleg og enkelt.
Men det er likevel opplagt at det er langt viktigare å legge til rette for at fleire kan stå lenger ut i 60-åra, enn å legge all vekt på dei få som gjerne vil halde fram etter 70 år.
Det bør ikkje vere seniorromantikk for dei få som styrer debatten om aldersgrenser.