Unio-leiaren sin replikk:
Arrogansen har sin pris
Kommunevalet er over. Regjeringa var ikkje på val. Heller ikkje støttepartia. Men dei tapte. Alle desse partia har tilbakegang. Arbeidarpartiet er på pallen. Ikkje fordi partiet gjorde ein knallgod valkamp. Men rett og slett fordi regjeringspartia er i utakt med folkemeininga i viktige saker.
Publisert: 17. september 2015
Sjølvsagt verkar lokale saker og lokale personar inn i stor grad ved eit lokalval. Men det forklarar neppe at Miljøpartiet Dei Grøne har gjort det aller best, relativt sett.
Regjeringa blir straffa for eigen politikk. Og for å vere lite audmjuk i ein del saker. Det er lov å vere standhaftig. Men i ein del store saker er regjeringspartia stirrige. Og taper på det.
Regjeringa blir straffa for eigen politikk
2015 starta med at organisasjonar som representerer nesten 1,5 million medlemmer – og veljarar – protesterte kraftig mot negative endringar i Arbeidsmiljølova. Den politiske demonstrasjonsstreiken var massiv. Regjeringa neglisjerte, og til dels harselerte over motstanden. Når folk røystar er det nok meir enn fagforeiningspolitikken som ligg til grunn. Men her har nok partistartegane undervurdert effekten av angrepet på faglege rettar. Ikkje minst i møtet med partipolitisk uavhengige organisasjonar.
Regjeringa kan nok finne gjenlyd fordelar av politikken sin i Unio sine rekkjer, både innan utdanningspolitikken, helsepolitikken og justispolitikken. I spørsmålet om søndagsopne butikkar ser vi noko av det same. I denne saka er regjeringsarrogansen er så stor at det verkar som om strategien er å skaffe seg eit nytt folk. I alle fall skal folkeviljen overprøvast. Og så satsar ein på at om nokre år stilnar protestane. Vel, akkurat no er det nok regjeringspartia som slikkar såra sine, særleg i storbyane. Ikkje utan grunn. Arrogansen har sin pris.
I spørsmålet om søndagsopne butikkar (..)er regjeringsarrogansen så stor at det verkar som om strategien er å skaffe seg eit nytt folk.
Det gjeld også i debatten om formueskatten. Men i skattepolitikken meiner eg at begge, for ikkje å seie alle sider, bør gå i seg sjølv. I staden for å grave stadig djupare skyttargraver, må det takast felles ansvar for å etablere eit nytt skatteforlik. Her er det regjeringa som spelar opp, og som dermed har det største ansvaret. Men også Arbeidarpartiet må justere slagorda sine. Det er ikkje nok å repetere « fy til skattelette for dei rikaste». Til det har dagens skatteopplegg for mange svake sider.
Dei mange «slå saman»-reformene har nok heller ikkje vore veljarmagnetar. Til det er dei for dårleg grunngjevne. Og Senterpartiet for god effekt av å dra sentraliseringskortet.
Framstegspartiet blir refsa for sin omtale av flyktningkrisa og flyktningar. Med god grunn. Men viss denne saka hadde vore på topp for veljarane, skulle ein tru at SV, Krf og Venstre hadde gjort knallval. Det gjorde dei ikkje. Heller tvert imot.
Arbeidstakarar er også veljarar. På viktige område mislikar dei regjeringa sin politikk, særleg når den blir krydra med arroganse.
Det kjem ein ny test 7. oktober: Statsbudsjettet!