Studentens glade dagar
Vi høyrer det stadig i ulike variantar: «aldri har studentane hatt det så godt og flott som no», eller «aldri har studentane hatt det så stramt og stritt som no».
Publisert: 26. september 2017
Kanskje har begge synspunkta noko for seg. Studentar i «gamle dagar» levde sikkert meir spartansk, og hadde trongare hyblar og færre digitale dingsar mellom hendene. Men samstundes stemmer det at fleirtalet av studentar ikkje heng med i den store velstandsframgangen samfunnet elles er prega av. Bildet av studentens glade dagar har nokre mørke sider ved seg.
Dette blei tydeleg illustrert i Dagbladet for litt sidan (20.9.): «Studenter går 4500 i minus hver måned», var den dramatiske overskrifta. Det blir ikkje småpengar i løpet av seks års studietid! Bakgrunnen er ei undersøking gjort av ein bank. Denne viser at i løpet av dei siste 20 åra har studentane sine årlege utgifter auka med nesten 80 000 kroner, medan studiestøtta frå Lånekassa har auka med berre 49 000 kroner. Konsekvensen er at ein av tre studentar lever på kreditt, og at annankvar student får pengehjelp frå foreldre eller andre.
At studentar må arbeide deltid ved sidan av studiane eller må feriejobbe, er gammalt nytt. At halvparten har deltidsjobb, er ikkje overraskande. I lys av den økonomiske situasjonen skulle ein tru at endå fleire jobba deltid.
Vi har eit bra system for studiefinansiering her til lands. Låna er rentefrie i studietida, og stipendordningane er bra. Lånekassa er kort og godt ein viktig samfunnsinstitusjon, oppretta i 1947 for å medverke til lik rett til utdanning.
På enkelte område har det også vore ein viss framgang for studentane den siste tida. Stortinget har vedtatt at studiestøtte for 11 månader skal innførast gradvis fram mot 2020. Studiestøtta har også vore justert opp litt meir enn forventa prisvekst.
Dessutan har nok både studentorganisasjonane og politikarar dei siste åra prioritert bygging av studentbustader framfor auke i studiestøtta.
Likevel heng det ikkje på greip at midt i slagorda om satsing på kunnskapssamfunnet, så er studentar fattigare i dag enn for 20 år sidan. Ei årleg studiestøtte på 106 340 kroner er langt frå godt nok til å realisere politiske slagord om å gjenreise heiltidsstudenten. Nivået svarar til knappe 1,2 G – grunnbeløpet i Folketrygda.
Eit første og nødvendig steg mot betre studentøkonomi, og fleire heiltidsstudentar, er å følgje opp eit repeterande Unio-krav: Studiestøtta må hevast til minimum 1,5 G, som vil vere litt over 140 000 kroner i året.