Unio-leiaren sin replikk:

Fleire kampar å kjempe

Arnulf Øverlands “Europa brenner” er dessverre aktuell for store delar av Europa. Krisa er økonomisk. Men konsekvensane er private. Dei slår ofte brutalt inn i folks liv. Løysingane, derimot, må først og fremst vere politiske. Då må politikken handle om meir enn nye innstrammingar.

Publisert: 26. august 2013

Likevel er politikken framleis prega av at kriseramma land får økonomiske redningspakkar i byte mot massive innstrammingar og oppseiingar. Hardast råka er ungdom. I somme land er nesten halvparten av ungdomskulla arbeidslause. Også ungdom med lang utdanning er utan arbeid. Altfor mange er utan framtidshåp. «Europa brenner».

Det er mange skilnader mellom Norden og resten av Europa. Ein skilnad handlar om graden av fagoganisering. Medan godt over halvparten av arbeidsstyrken i Norden er fagorganisert, er berre 10–15 prosent av arbeidstakarane i Europa medlem av fagforeiningar.

Dette kan neppe fullt ut forklare at Norden klarer seg bra, medan store delar av Europa er i krise. Likevel, ein del av forklaringa er det. Fagorganisering er ein strategi. Fellesskap gir styrke for medlemmene. Men det er også ein samfunnsstrategi. Kjerna er eit representativt arbeidsliv der både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar er godt organiserte.

Vi har ingen garantiar for at Noreg går fri. Også vi kan kome til å merke økonomiske innstrammingar. Eit velorganisert arbeidsliv står sterkare i møtet med slike utfordringar. Difor er fagorganisering også ein startegi for verdiskaping og velferd. Ungdom er ei viktig målgruppe for den bodskapen. Unio og medlemsforbunda har ein jobb å gjere. Uniofilmen er eitt av fleire verkemiddel. Sjå filmen – sjå kva fagforeiningane har oppnådd. Og kva for oppgåver som ventar. Det er fleire kampar å kjempe.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv