Unio-leiaren sin replikk:
Clemets nordiske mini-OL
“Mer effektiv offentlig sektor” var overskrifta for Kristin Clemet i DN 2.4. Og så fekk vi vite at Noreg taper i eit nordisk mini-OL, visst nok arrangert av konsulentfirmaet McKinsey, Viss vi skal feste lit til slike konkurransar, må det klarare reglar til enn dei terningkastande konsulentar stiller opp med.
Publisert: 8. april 2013
Eg er einig med Clemet i at vi skal jakte på ein mest mogeleg effektiv offentleg sektor, som leverer topp kvalitet. Ho lanserer ein viktig diskusjon, men leverer derimot få, om noko forslag som kan gi meir effektivitet og betre resultat. Ho nøyer seg med å sukke over at vi bruker for mykje pengar på det offentlege. Og så viser ho til at 58 prosent i ei spørjeundersøking meinte at det offentlege sløsar med ressursane. Vi finn sikkert døme på sløsing – forøvrig eit tøyeleg omgrep. Kanskje er det difor vel så god grunn til å tekke fram at det er 42 prosent som ikkje står bak eit slikt syn?
Når Clemet påstår at vi har verdsrekord i offentleg pengebruk, tar ho så hardt i at det blir feil. Offentleg konsum i høve til BNP her til lands ligg på snittet i OECD. Vi bruker ein mindre andel til offentleg sektor enn både Sverige og Danmark, og Noreg bruker mindre på utdanning enn både Danmark og Sverige (OECD). Det same gjeld for polititenester.
Det er også ein del av det norske bildet at veksten i privat konsum er klart større enn veksten i offentleg konsum. I dei tre åra før Stoltenberg overtok var veksten i privat forbruk nesten tre og ein halv gong så stor som i det offentlege. Sjølv med raudgrønn regjering og med finanskrise, har veksten i privat forbruk vore klart over den offentlege veksten.
Dette tyder ikkje på overforbruk i det offentlege. Heller ikkje at det er offentleg sektor vi har prioritert å bruke dei store pengane på. Difor ser vi bilar på humpete vegar, og mangelfulle kollektivtilbod. Difor ser vi at ungar møter til nedsarva skulebygg i merkeklede til fantomprisar. Og vi ser helsepersonell som rett og slett ikkje har tid til å gjere jobben sin.
Kvardagen i det offentlege – der folk møter folk – opplevest nok litt annleis enn det som kan hentast fram av statistikkar og meisterskapsresultat frå konkurransar som knapt blir arrangerte.
Det ser ut til at dei fleste politiske partia ser meir nyansert på dette enn Kristin Clemet. Det er bra. Eg er derimot samd med Clemet i at det har vore satsa for lite på tiltak som styrker vekstevna i økonomien. Satsing på kunnskap og forsking har vore laber. Innsatsen må opp – både frå offentleg og privat sektor.