Unio-leiaren sin replikk:

Strid om tid

Lærarstreiken er over. Andre saker vil gradvis prege mediedebatten. Men at det framleis blir strid om tid, er eg sikker på. Debatten om arbeidsmiljølova, og kven som der skal bestemme, står for tur. Lærarkonflikten viser kor viktig tid og tillit er for profesjonelle yrkesutøvarar.

Publisert: 3. september 2014

Det er lenge sidan det har vore ein så skarp streik, og det er lenge sidan ei arbeidskonflikt har fått så stor merksemd – politisk og i media. Det handla om formuleringar og tal i ein tariffavtale. Men det handla i høgste grad også om ei yrkesgruppe som ville ta opp kampen mot degradering og kontroll og for profesjonalitet og kvalitet. Dette ga striden ein ekstra dimensjon.

KS trudde dei kunne vinne gjennom å spele på mytar om lærarane si arbeidstid, og på mangel på handlingsrom for rektorar og andre kommunale leiarar. Det slo feil. Mange – både i offentleg og privat sektor – kjende seg att i argumenta frå Utdanningsforbundet, og den eine etter den andre sa: Vi heiar på lærarane!

Dessutan blei det klarare og klarare at KS sine krav mangla forankring hos lokalpolitikarar. KS er i større grad eit instrument for rådmenn og for rådhusa enn for lokalpolitikarar. Det er i rådhusa managementstyringa har slått rot. Og forplanta seg til leiarar i dei kommunale ”bedriftene”. Difor har tilliten hatt dårlege vilkår. Rektorar med høg blårussfaktor kan difor bli eit trugsmål ”skulefreden” i tida som kjem.

Så spørst det korleis striden om tida i arbeidsmiljølova vil arte seg. Her møter vi ei meir samla arbeidsgjevarside. Med støtte i regjeringa. Kven får overtak i retorikk og realitet? Og korleis slår den ubereknelege og udefinerbare ”tidsånda” inn?

I lærarkonflikta blei regjeringa i praksis ein hardt ramma tredjepart. Dei ville tape på ein langvarig strid.

Dette er eit perspektiv å ta med seg inn i striden om arbeidsmiljølova.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv