Unio-leiaren sin replikk:

Budsjett og valkamp

Det er valkamp. Dermed florerer det med lovnader, og pengane sit laust, særleg frå opposisjonspartia. Korleis det blir når det skal snekrast eit statsbudsjett, er ei anna sak, same kven som får regjeringsansvaret etter valet.

Publisert: 31. august 2021

Midt i valkampen har dagens regjering hatt budsjettkonferanse. Som vanleg er det «stramt» på dei fleste område. Hovudbodskapen er at norsk økonomi er i klar betring. Noreg går stadig betre etter korona-perioden. Likevel varslar regjeringa at det skal strammast til i offentleg sektor. Veksten må bremsast.

Her er det minst to klare paradoks. Det eine er at veksten i offentleg sektor har vore større enn dei fleste hadde rekna med under ei Høgre-dominert regjering. Det andre er at varselet om innstramming kjem etter at korona-pandemien tydleg har dokumentert kor avhengig heile samfunnet er av ein godt kvalifisert og velfungerande offentleg sektor.

Under korona-pandemien har det vore brukt store pengar. Til tider har partia kappast om å vere rausast. Stort sett har det vore både rett og nødvendig å sprenge vanlege budsjett i denne perioden. Trass i dette har pandemien vist ei rekkje svake sider ved beredskapen. Dette kjem klart fram både gjennom den offentlege Koronakommisjonen og gjennom Unios eigen korona-undersøking.

Difor er det illevarslande dersom regjeringa legg fram eit budsjett som svekkjer offentleg sektor. Vi forventar i det minste at regjeringa synleggjer kvar og korleis eventuelle kutt skal takast, og kva konsekvensane blir. Vi krev at regjeringa tar ansvar for sin eigen politikk, også for dårlegare tilbod og lågare kvalitet!

Unio har i innspel til regjeringa kravd forsterka satsing på kunnskap, helse, klima og førebygging. Vi krev at regjeringa har ein plan for korleis kompetansen i heile utdanningskjeda og i heile helsesektoren skal sikrast og forsterkast. Det er urovekkjande at mange vurderer å forlate viktige yrke i velferdssamfunnet.

Førebygging krev meir enn ord. Det trengst pengar til fleire sektorar, ikkje minst til politiet.

I framtida skal vi i stadig større grad leve av kunnskap. Den statlege forskingsinnsatsen må aukast til 2 prosent av BNP i løpet av ein tiårsperiode, og grunnløyvingane til UH-sektoren må styrkast. Tida er overmoden for å sette stoppar for dei skadelege «effektiviseringskutta» (ABE-reforma) som har plaga statlege institusjonar, mellom desse FHI, i ei årrekkje.

Klimasaka er ei av toppsakene i valkampen. Alarmklokkene ringer. Regjeringa har sjølv sagt at CO2-avgifta skal aukast med 15 prosent kvart år fram til 2030. Unio støttar dette, og forventar at regjeringa følgjer sin eigen plan, trass i at enkelte protesterer.

Det er liten tvil om at komande regjeringar står overfor tøffe økonomiske prioriteringar i tida som kjem. Perspektivmeldinga illustrerer dette tydeleg. Mange forhold spelar inn. Ikkje minst blir det krevjande å få budsjetta i balanse når oljeinntektene går ned.

Dette vil utløyse ein ny debatt om skatte- og avgiftspolitikken. Auke i CO-avgifta har eg allereie nemnt. Dessutan er det på sin plass å minne om at regjeringa sitt eige utval, «Noreg mot 2025», peikte på eit utvida skattegrunnlag, mellom anna grunnrenteskatt på bruk av naturressursar som fiske og havbruk. Til denne tid har sterke lobbyaktørar greidd å sette sperrer for desse forslaga.

Men siste ord er neppe sagt. Noreg treng ikkje gå ad undas sjølv om oljealderen gjer det.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv