Tariff som trussel
Trusselen om tapte arbeidsplassar og økonomisk stagnasjon heng allereie tungt over hovudtariffoppgjeret i 2016.
Publisert: 25. januar 2016
Forståsegpåarar av ulike slag har meir eller mindre avlyst heile tariffoppgjeret. Den siste meldinga var at i 2016 må det forhandlast om reallønnsnedgang. Bakgrunnen er spekulasjonar om ein prisvekst på 3 prosent. Altså meir enn lønnsvekstprognosane frå både SSB og andre.
Fallande oljepris set sine spor. Norsk økonomi er i endring. Vi må bu oss på at reallønnsveksten blir svakare enn det som har vore vanleg det siste tiåret.
Men det går godt an å vere ansvarleg utan å starte med å kaste korta.
Mørke skyer inneber ikkje at ein økonomisk tornado feiar over landet, og at arbeidsplassar blir lagt aude i stor stil. Vanskeleg, ja, men ikkje berre svart.
Den låge kronekursen har i alle fall den effekt at det blir billegare å selje til utlandet. Store deler av den tradisjonell eksportindustrien går godt. Noreg eksporterer t.d. fisk og annan sjømat så det susar. Også andre delar av eksportindustrien går godt. Det høyrer vi om berre sporadisk.
Det trengst litt motvekt til depresjonsstemmene. Stemmer som kan nyansere bildet. Den rolla bør Unio ta. Dessutan manglar det kompetent arbeidskraft på ei rekkje område. Ikkje minst i offentleg sektor, som skal bli stadig meir kunnskapsintensiv.
Låg lønnsvekst og redusert realløn er heller ikkje berre av ”det gode”. Det skaper ikkje utan vidare etterspørsel og nye arbeidsplassar. Det er også ein fare for at dei som ikkje er del av den kollektive lønnsdanninga stikk av. Under solidaritetsalternativet på 90-talet såg vi til dømes at funksjonærar og leiarar langt på veg gjekk under moderasjonsradaren. Utdanningsgruppene i offentleg sektor blei ekstra hardt pressa, mellom anna gjennom låglønnsprofil og ”flate” kronetillegg.
Framleis har vi ein heil del å ta att – enten vi snakkar om lønnsnivå eller lønnsutvikling. Men kva Unios konkrete ambisjonar skal vere, må vi drøfte grundig i den vidare prosessen.
Men det er opplagt at motkravet til moderate rammer må vere ein tydeleg utdanningsprofil. Lang utdannings skal lønne seg betre. Det må også arbeidsgjevarane sentralt ta ansvaret for. Då kan dei ikkje møte situasjonen med tronge rammer sentralt, og så overlate «resten» til dei lokale partane – utan streikerett! Det vil vere å be om trøbbel!