Unio-leiaren sin replikk:

Fare på ferde

Eksamen i vidaregåande skule blei avlyst på grunn av koronakrisa og smittefaren. Men fadderveka ved studiestart “må” tydelegvis gjennomførast. Dette rimar ikkje. Noko skurrar i smittehandteringa.

Publisert: 13. august 2020

Det kan ikkje vere nødvendig at ei ordning, sjølv om ho normalt har gode intensjonar, skal trumfe smittevernreglane. Slik situasjonen er no, hadde det beste vore å avlyse, eller å finne heilt andre opplegg.

Noreg har handtert koronakrisa godt. Styresmaktene har vist veg, og folk har stort sett tatt ansvar. Difor har vi fått kontroll over smittesituasjonen. Trudde dei fleste.

Men no slappar vi for mykje av. I kjølvatnet av at det gradvis har blitt opna opp, ser det ut til at ansvarskjensla har blitt svekt i mange miljø. Fadderveka er berre eitt døme.

I andre tilfelle handlar det om at ansvarsløysa er kopla til pengar. Hurtigruten står for ei skandale, og legg seg flat. Men det hjelper lite i stormen. Hurtigruten har plassert seg sjølv i skammekroken, og dratt store delar av reiselivsnæringa med seg.

Festing blant såkalla unge vaksne, visstnok mest eit Oslo Vest-fenomen, har forsterka smittefaren. Det finst mange døme.

Risikoåtferda somme viser, både individuelt og kollektivt, er eit alvorleg trugsmål mot arbeidslivet. Mot jobbane til folk. Mot inntekta og livsgrunnlaget til tusenvis av arbeidstakarar. Mange har vore gjennom tøffe tider, og mange er det framleis.

I lys av dette er det til tider underleg å lytte til dei mange klagemåla frå dei største organisasjonane i privat sektor. Virke klagar over at skjenkinga av alkohol må stoppe ved midnatt. Ein time etter pubane i England! Og dei klagar over at treningssentera framleis er underlagde restriksjonar i drifta. Ja, også her handlar det om arbeidsplassar, men styresmaktene må altså vurdere risikoen for smitte, nedstenging og tap av arbeidsplassar i heile samfunnet, ikkje berre i snevre bransjar, som Virke kan sjå ut til å gjere. Dessutan er det ikkje innført treningsforbod!

Frå NHO-sida høyrer vi stadig at offentleg sektor er ineffektiv og må reduserast. Det inneber færre tilsette. Det kjem NHO med i ein situasjon med eit etterslep etter korona-nedstenginga på meir enn 350 000 konsultasjonar, berre i sjukehusa! Både arbeidsfolk og andre treng helsehjelp. Nettopp helse er ei av hovudoppgåvene for det offentlege. Og både arbeidslivet og samfunnet er avhengig av at det offentlege syter for utdanning og ei rekkje andre velferdstenester – nærast frå vogge til grav.

Smittesporing er viktig, men det aller viktigaste er at vi alle tar det nødvendige ansvaret, individuelt og kollektivt: Ansvar for helsa, eiga helse og andre si helse. Covid-19 kan vere livstrugande!

No er det fare på ferde. Følg smittevernreglane. Det er med på å sikre arbeidsplassar!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv