Unio-leiaren sin replikk:

Pensjonsovasjonar?

Det har vore langt mellom ovasjonane for regjeringa den siste tida. Meiningsmålingane seier sitt. Medieoppslag om regjeringsslitasje like eins.

Publisert: 3. januar 2011

Men statsministeren veit råd. Han syter for ovasjonane sjølv. Og då bruker han pensjonsreforma. Den er visst på det næraste eit meisterverk, klar for avduking no ved nyttår.

Det er derimot eit skår i gleda: organisasjonane i offentleg sektor slukte ikkje meisterverket rått. Dei ville ha andre og betre ordningar enn det pensjonsreforma la opp til og det regjeringa ville tilby. Resultatet blei i all hovudsak ei vidareføring av garantiordningane som låg i bruttosystemet: 30 års opptening gir 66 prosent av sluttlønn som pensjon.

Regjeringa likte det ikkje, men godtok. Det er tydelegvis eit større nederlag enn ein skulle tru. Regjeringa gjer no sitt beste for å få folk til å tru at tilsette i offentleg sektor får dårlegare ordningar enn i privat sektor. Og ein del journalistar ser ut til å bite på. Pensjon er komplisert.

Det kan vere verd å minne om pensjonskommisjonen: Då Sigbjørn Johnsen la fram forslaga, var det flust med innstrammingar. Til dømes skulle AFP fjernast.

Heilt frå den gongen har det vore ein kamp for å sikre anstendige pensjonsordningar for folk flest. I offentleg sektor lukkast vi eit stykke på veg. Men det blir både levealdersjustering og indeksering. Altså litt dårlegare pensjon enn tidlegare.

Men for Jens er ikkje det nok. Meisterverket skal gjelde alle. Difor vil han ha vekk bruttoordninga. Han vil fjerne ei viktig sikringsmekanisme. Han tilbyr reforhandlingar. Men kven trur at det er betre ordningar han vil ha?

Tenk på lekkasjane om uførepensjon før jul. Var det innstrammingar eller forbetringar regjeringa la opp til?

I offentleg sektor kan dei som treng det, gå av med AFP når dei er 62 år utan å få redusert pensjonen resten av livet. For det er nemleg det som vil vere tilfelle for mange i privat sektor. Der betyr tidleg uttak dårleg pensjon resten av livet. Det er nok difor statsministeren stadig trekker fram dei som er friske og som kan jobbe ekstra lenge. Kva hjelper det å kunne få lov til å jobbe lenge, viss du ikkje maktar det?

Men også i offentleg sektor lønner det seg å stå lenge. Rett nok er det ikkje så gunstig som i privat sektor. Det kunne ha vore endå litt betre. Regjeringa blånekta. Det skulle vere straffa for ikkje å sluke meisterverket.

Men ein garanti om 66 prosent av sluttlønna som pensjon er framleis bra. Antakeleg for bra for statsministeren. Difor vil han ha omkamp. Han fortener ingen ovasjonar.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv