Unio-leiaren sin replikk:

Mange stridar – mykje moro

Eg har vore heldig som har fått leie ein hovudorganisasjon i vekst. No er mine ni år som Unio-leiar snart til endes. For å vri litt på Åge Aleksandersen: Mange stridar, mykje moro har det vore.

Publisert: 19. desember 2024

For ni år sidan hadde Unio 12 medlemsforbund og om lag 335 000 medlemmer. Det ha vore ein gledeleg medlemsvekst. No er vi 14 forbund med til saman om lag 400 000 medlemmer. Vi er den nest største hovudorganisasjonen på arbeidstakarsida, og den største for arbeidstakarar med høgare utdanning.

I fagforeiningsarbeidet kan ein sjeldan, kanskje aldri, sette sluttstrek. Saker og stridar har ein tendens til å repetere seg sjølve. Likevel – blant det konstante i Unio vil eg særleg trekke fram kampen for betre lønns- og arbeidsvilkår. I tillegg vil eg framheve eit slagord som til fulle er praktisk politikk: Kunnskap i front!

Begge desse sakene har ein tydeleg plass i Unios politiske plattform, som nyleg blei debattert og vedtatt på Unio-kongressen i desember. Her er det elles mange viktige saker og standpunkt som er verd å lese både for medlemmer og andre. Frå LO- hald ser det ut til å vere sett i gang ein kampanje som går langt i å hevde at Unio vil undergrave sjukelønnsordninga. Det stemmer sjølvsagt ikkje.

Dei kan til dømes lese følgjande i den politiske plattforma: «Unio arbeider for å opprettholde dagens sykelønnsordning … og for at arbeidstakere skal ha rett til full sykelønn i hele sitt yrkesaktive liv.» Eg håper og trur at ein ny IA-avtale med ei trygg sjukelønnsordning kjem på plass snarast råd.

Eg vil også minne om at Unio er ein del av den internasjonale fagrørsla. Kampen for demokrati og internasjonal solidaritet, for klima og miljø og for likestilling har knapt nokon gong vore viktigare.

Trepartssamarbeidet har vore og er viktig for samfunnsbygginga her til lands. Dialogen mellom hovudorganisasjonane på arbeidstakarsida, arbeidsgjevarsida og staten er grunnleggande for både velferd og verdiskaping. Det seier seg sjølv at det kan bli både usemje og strid på denne arenaen. Dermed kan kompromiss vere nødvendig.

Slik er det også internt i Unio. Med mange forbund av ulik storleik, og med eigne standpunkt og prioriteringar, blir det meiningsbryting. Til tider kan frontane vere sterke. Det er av og til nødvendig på vegen fram mot politikk fellesskapen stiller seg bak.

I mine år som Unio-leiar har eg opplevd eit svært godt kollegaskap og samhald i organisasjonen. Eg håper at framtidas Unio vil ønske fleire medlemsforbund velkomne, også frå privat sektor.

Det er medlemsforbunda som skaper Unio. Med fleire forbund frå breie lag av arbeidslivet blir vi endå sterkare.

Til slutt: Ei stor takk til folk og forbund for godt samarbeid. Ei stor takk til styret i Unio, og til dei tilsette i sekretariatet.

Eg ønskjer den nye leiinga med leiar Steffen Handal og nestleiar Cecilie Woll Johansen i spissen all lukke til.

Takk for meg.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv