Unio-leiaren sin replikk:
Forventning og frustrasjon
Statsbudsjettet er fasiten for statsrådars kamp om kroner og posisjonar. Og når fasiten er levert, er det statsrådane si plikt å stille seg entusiastisk bak det statsministeren og finansdepartementet har sagt vi har “råd” til. Også når dei er frustrerte over ikkje å ha nådd så langt dei hadde vona.
Publisert: 6. oktober 2011
Og jamt over blir eg imponert over kor godt statsrådar kamuflerer frustrasjonane sine. Dei bit ofte også godt frå seg når kritikken kjem. Enten det er frå Unio eller andre.
Men av og til skin det gjennom at det er dårleg samsvar mellom forventningar og resultat. Det er berre ein god månad sidan kommunevalkampen. Det var mange, ikkje minst frå regjeringspartia, som snakka høgt og tydeleg om kvalitetsløft i kommunesektoren. Om satsing på kompetanse – om å rekruttere og behalde fagfolk.
Budsjettet ber bod om noko anna. I mange kommunar ligg det an til kutt. Den jobben er det lokalpolitikarane som må ta. Men det er dei tilsette, som står i førstelina, som oftast må fortelje folk at ressursane ikkje stekkjer til. At det er kø og ventelister. Og at toaletta på skulen er ubrukelege.
Men køar og ubrukelege toalett er i det minste synlege. Det kan dokumenterast her og no.
Det kan vere vanskelegare å dokumentere skadeverknadene av mangelfull satsing på framtida. Mangelfull satsing på kunnskap. Å vere minister for kunnskap og forsking må vere blant dei mest spennande stasrådpostar. Og blant dei mest frustrerande. Når det er lange køar i barnehagen eller ved universiteta blir i det minste problema synlege. Og presset aukar.
Men når det gjeld satsing på læring og på forsking er det verre å synleggjere skadeverknadene. For dei ligg eit stykke inn i framtida.
Eg skjønar godt at forskingsminisiteren slår fast at vi aldri har hatt realnedgang. Og vår regjering har levert betre enn den forrige regjeringa. Vel og bra.
At det så vidt bikkar over på pluss-sida også i år, gir eg gjerne Tora Aasland ros. for. Det ligg sikkert ein kamp også bak det resultatet. Og 25,6 milliardar er mange kroner å forske for.
Likevel, regjeringa må skjøne frustrasjonen over to forskingsbudsjett på rad med tilnærma nullvekst. Statsministeren sine ord om at “kunnskap trumfar alt” står seg, men ser ikkje ut til å vere styrande for budsjettprosessen.