Unio-leiaren sin replikk:
Tariff 2020 startar no
Årets mellomoppgjer er stort sett gjennomført for dei fleste Unio-gruppene. Rett nok står ein del lokale forhandlingar igjen, mellom anna i staten. Men sentrale forhandlingar og meklingar er i all hovudsak lagt bak oss. Då gjer vi klart for neste runde. Nesten med ein gong. Men først skal vi gle oss over at dei aller fleste får reallønnsvekst gjennom dette oppgjeret. Dessutan må det framhevast at for somme av Unio sine medlemsgrupper har dette tariffoppgjeret gitt eit tiltrengt løft, ikkje minst i kommunesektoren.
Publisert: 27. mai 2019
Difor er det lov å ta ein tariffpust i bakken– ei nedbriefing og ein sommarpause. Men det må understrekast at tariffarbeid er heilårsaktivitet. Ein ting er at i somme mindre tariffområde i privat og halvprivat sektor pågår forhandlingane til andre tider enn april og mai. Noko anna er at grunnarbeidet – analysar, dokumentasjon og påverknad overfor arbeidsgjevar – må skje kontinuerleg. Og denne dialogen – presset om ein vil – må gå både overfor lokale arbeidsgjevarar og overfor sentrale forhandlingsmotpartar.
Dette kontinuerlege arbeidet er særleg viktig i offentleg sektor. Alle ledd i lønnskjeda må aktiviserast med tanke på at arbeidsgjevar skal innsjå at lønn er eit av dei aller viktigaste tiltaka for å rekruttere og behalde kompetent arbeidskraft. Samstundes er dette eitt verkemiddel for å motverke at frontfaget blir den viktigaste styringsmekanismen for arbeidsgjevar.
Både på kort og lang sikt er det uakseptabelt at forhandlingane i industrien skal fungere som eit hinder for å rekruttere nødvendig kompetanse til viktige deler av arbeids- og samfunnslivet. Men dette skjer.
Det er ikkje berre frontfagmodellen i seg sjølv som fører til dette. Vel så mykje er dette eit resultat av at arbeidsgjevarar i offentleg sektor misbruker førsteresultatet frå industrien. Tendensen har vore å late som om ramma ikkje er ein del av forhandlingane, men gitt på førehand. Slik blir forhandlingsretten for 800 000 tilsette innskrenka!
Holden III-utvalet frå 2013 revitaliserte frontfaget si rolle. Lønnsveksten etter 2014 har vore tilnærma lik for store deler av arbeidslivet. Den har også vore låg. Det ser ut til å bli slik i år også. Talet 3,2 – frontfagresultatet – har hatt stor gjennomslagskraft. Denne gongen ser det derimot ut til at dei aller fleste vil få vekst i reallønna.
Samtidig må eg minne om at det i Holden III-utvalet si innstilling frå 2014 blei tydeleggjort at frontfagresultatet verken er golv eller tak for lønnsveksten.
Industrifunksjonærane si lønnsutvikling blir først klar seinare på året. Eigentleg er det først inn i 2020 vi ser resultatet av 2019-oppgjeret. Men det er lett å spå at lønnsgapet til industrifunksjonærane har blitt endå større, sikkert eit par hundre tusen over nivået til dømes i staten. Det beste som kan seiast om dette er at industrien veit å verdsette utdanning og kompetanse langt betre enn offentleg sektor gjer. Medan ei vanleg marknadsmekanisme i delar av offentleg sektor er å redusere kompetansekrava i staden for å heve lønna, fungerer det oftast stikk motsett i privat sektor.
Difor er arbeidet for å hindre svekka kompetansekrav og bruk av ufaglærte viktige element i ein lønnsstrategi for utdanningsgruppene. Her må alle organisasjonsledd, både i Unio og i forbunda, mobiliserast. Tariff 2020 er allereie i gang. Og det handlar både om lønnsutvikling og om lønnsnivå!