Arendalsveka – møte og mingling for eliten?

Arendalsveka er i ferd med å bli eit kjent omgrep. I alle fall for organisasjonar, politikarar, media og lobbyistar. Gjerne dei same gruppene som blir kalla eliten.

Publisert: 13. august 2018

Arendal er stappfull av folk denne veka i august. Hotellkapasiteten er sprengt. Airbnb og andre utleigarar av private overnattingstilbod har grunn til å gle seg. Det gjer i alle fall arrangøren, som melder om stadig fleire arrangement og deltakarar. I år blir det over 1000 arrangement, og ein reknar med å slå fjorårsrekorden på 70 000 besøkande. Det i seg sjølv er nok til å kalle Arendalsveka ein suksess!

Unio har deltatt på Arendalsveka kvar gong sidan starten i 2012.

Professor Eli Skorgebø ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo  seier til Dagens Perspektiv at Arendalsveka er blitt ein «stor og viktig arena for makt og politikk som verken organisasjoner, politikere eller redaksjoner kan se bort fra».

Nettopp dette, og at Arendal er blitt ein arena for å vise seg fram, påverke og helst oppnå resultat i form av politisk interesse, er hovudgrunnen til at Unio, saman med mange av forbunda, bruker ressursar på Arendalsveka.

Unio står for fleire arrangement. Eitt av desse handlar om korleis satsinga på etter- og vidareutdanning, som alle snakkar om, skal realiserast: Livslang læring er inga privatsak, er overskrifta.

I tillegg deltar eg som Unio-leiar i debattar der andre er arrangør, mellom anna på eit arrangement der temaet er om velferdsstaten er truga av private aktørar, og eg skal innleie til  debatt om yrkesfagopplæring og framtidas arbeidsmarknad.

Mange av Unio-forbunda har også ei rekkje arrangement, mange av dei på  Unio-kafeen (Strand kafé), som også er ein open møtestad på kveldstid.

Så kan det sjølvsagt harselerast med at det stort sett er aktørar i Oslomiljøet som i flokk og følgje flyttar seg til Arendal desse augustdagane. Men det å møtast uformelt og utanfor møteplassane i hovudstaden, kan også vere av verdi.

Og så er det faktisk også slik at under desse dagen i Arendal møter vi både folk flest frå lokalmiljøet, og ikkje minst møter vi medlemmer og tillitsvalde, ikkje berre frå Arendal og Agder, men frå andre delar av landet.

Arendal er trass alt eit reisemål for mange i sommarmånadane – sjølv om det ikkje nødvendigvis er Arendalsveka som er trekkplasteret. Det handlar altså ikkje berre om «eliten».

Vel møtt til Unio-arrangementa og Unio-kafeen.

Ragnhild Lied
Unio-leiar

Arkiv