Unio-leiaren sin replikk:
Sjukehussentralisering er ikkje svaret på alt
Regjeringa meiner ofte at stort er best. Enten det gjeld kommunar, politidistrikt eller høgskular og universitet. Kvalitet er reklamen, og verkemidla er samanslåing og sentralisering. No er det sjukehusa som står lageleg til for hogg.
Publisert: 23. november 2015
Sentraliseringa blir marknadsført som tiltak for betre tenester og større effektivitet i folket si teneste. Språket blir brukt, nærast orwelliansk, når større politidistrikt og nedlagde lensmannskontor blir kalla ”nærpolitireforma”. Om ein prøver seg på å kalle endringane i sjukehusstrukturen for ei ”nærsjukehusreform”, står att å sjå.
Spekter-direktør Anne- Kari Bratten heiar på sjukehussentralisering. Og bruker det klassiske, om enn forslitte argumentet: ”Noe annet er ikke faglig forsvarlig”. (Dagsavisen 19.11.) Ho er dermed farleg nær å karakterisere både dei som kjempar for lokalsjukehusa, og dei som arbeider der som å vere fagleg uforsvarlege.
Helseminister Høie er ein smart politikar. Strategien er å balansere ulike behov i framlegget sitt til sjukehusplan, og han lovar eit godt tilbod «der folk bor». Kva anna kunne han forresten gjere? Jau, han kunne faktisk ha gått hardare til verks, og gått inn for å legge ned sjukehus. No presenterer han ein brei plan, men der debatten i stor grad vil handle om to alternativ. Det eine er at fem sjukehus skal misse døgnvakt i generell kirurgi. Det andre er at 10 sjukehus kan miste alle akuttfunksjonar. I begge tilfella blir det lagt opp til betre samarbeid og tydelegare funksjonsfordeling mellom sjukehusa. Debatten trengst.
Men det er også ein fare for at sentraliseringskreftene får spele endå friare enn før. Som ei lokalavis uttrykte det: ”Det er snakk om enten rasering eller total rasering.” Eg har tru på at fakkeltoga vinn fram, sjølv om både Høgre og AP er på sentraliseringssporet.
Sjølvsagt er det behov for fagleg spesialisering på eit nivå som berre få institusjonar kan dekke. Det har vi allereie i dag. Haukeland har spisskompetanse innan brannskade. Radiumhospitalet er velkjend for kompetanse på kreftbehandling. Og vi har og vil få fleire spisskompetente miljø.
Men kvifor er det er til hinder for at vi kan oppretthalde eit nettverk av velfungerande små og middels stor lokalsjukehus landet rundt? Der det framleis bur folk, og der verdiar blir skapte. Vi har sjukdom og skadar nok til å oppretthalde eit desentralisert sjukehustilbod. Rune Heggedal, overlege ved Volda sjukehus har sagt det slik: Folk i distrikta vert mindreverdige borgarar med dårlegare tryggleik for eige liv og eiga helse.
Og så kan ein undre seg: Sjukehuset på Rjukan ”måtte” leggast ned fordi det var for lite. No er visst sjukehuset likevel blitt stort nok til at det kan vere fagleg forsvarleg drift der – men i privat regi. (Glibert m.fl. i Aftenposten 19.11.). Det er då ein må spørje kva som er politikk og kva som er fag? Av og til er tydelegvis også desentralisering svaret! Berre det er privat?