Unio-leiaren sin replikk:

Ludvig i NHO?

NHO har nyleg presentert sine vurderingar av framtidsutsiktene for norsk økonomi. Det er dystert. Det blir varsla «bråstopp for norsk økonomi». Det verkar som om den pessimistiske Ludvig frå Flåklypa, som møter morgondagen med nervane i høgspenn, har blitt hyra inn av NHO.

Publisert: 4. desember 2013

Trugande skyer vil nesten alltid finnast på den økonomiske himmelen. Men NHO får lite støtte for pessimismen sin i økonomiske fagmiljø. Veksten blir litt svakare enn tidlegare, men krise er det ikkje.

NHO tar så hardt i at det knapt blir truverdig. Det minner meir om eit politisk utspel, enn om solide prognosar. Med eit næringsliv i krise håper ein vel på gjennomslag for krav om meir skattelette og subsidierte støttetiltak for næringar som slit.

Professor Karen Helene Ultveit-Moe kommenterer prognosane slik: «Dersom hensikten er å svartmale situasjonen for å motvirke høyere kapitalkrav til bankene, er det svært betenkelig. Da har de ikke lært nok av finanskrisen».

Som vanleg har NHO denne hausten åtvara mot budsjettvekst i offentleg sektor. Pengebruk i offentleg sektor er nærast eit konstant trugsmål for økonomien og verdiskapinga, sett med NHOs Ludvigblikk.

I krisetider er det ekstra viktig med arbeidsgjevarstyrt fleksibilitet, må vite. Fleire i mellombels tilsetting og endra arbeidstidsreglar blir visst rekna som vekstfremjande tiltak både frå NHO og andre på arbeidsgjevarsida.

Det kjem nok fleire slike krisevarsel gjennom vinteren og våren. Då vil bodskapen vere moderasjon – lønnsmoderasjon for arbeidstakarane. Det er som normalt, og ingen prognose.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv