Unio-leiaren sin replikk:

Kampen mot økonomisk kriminalitet må trappast opp

Kvart år blir samfunnet tappa for store verdiar. Økonomisk kriminalitet, arbeidslivskriminalitet og svart økonomi er alvorlege truslar både mot offentleg og privat sektor. Kampen for å hindre dette velferdstjuveriet må forsterkast.

Publisert: 10. desember 2024

Dei fleste av oss har sikkert blitt bombarderte med falske telefonoppringingar, sms-ar og e-postar den siste tida. Eitt av problema er at vi ofte ikkje veit om det er kriminelle aktørar som står bak før det er for seint. Dette er berre ein liten del av eit stort problem.

Økonomisk kriminalitet og arbeidslivskriminalitet rammar både enkeltpersonar, bedrifter og samfunnet. Det handlar om store summar. Mellom 80 og 100 milliardar per år blir det antyda, og det er truleg forsiktige anslag.

Styresmaktene har tatt ei rekkje organisatoriske grep for å stå betre rusta i kampen mot kriminelle aktørar.

Under Unio-konferansen tidlegare i desember orienterte sjefen for Øko-krim, Pål Lønseth, om etaten sitt arbeid for å hindre økonomisk kriminalitet. Han viste til at slik kriminalitet skjer på mange samfunnsområde. Lønseth sa det ikkje direkte, men inntrykket var likevel at kampen mot økonomisk kriminalitet blir hemma både av mangel på kapasitet og mangel på kompetanse. Det gjeld ikkje berre Øko-krim som nasjonalt organ, men også i dei ulike politidistrikta.

Skatteetaten er ein viktig aktør i kampen mot økonomisk kriminalitet. Ifølgje forbundsleiar i Skatterevisorenes Foreining, Odd Arne Kjelstadli, er kontrollsystemet i etaten svært mangelfullt. Under Unio-konferansen var spissformuleringa at det er opne dører for kriminelle som ville utnytte systemet.

Regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet inneheld ei rekkje tiltak, og legg til rette for tverretatleg samarbeid. Arbeidstilsynet, NAV, politiet og skatteetaten samarbeider landet rundt gjennom fleire a-krimsenter.

Svart økonomi er også eit omgrep vi møter i denne samanhengen. Også dette området har ei særskilt organisering. «Samarbeid mot svart økonomi» (SMSØ) blei reorganisert som eit partssamarbeid i 2009. Her deltar Unio saman med andre hovudorganisasjonar. Skatteetaten koordinerer arbeidet. SMSØ har utan tvil medverka til å bevisstgjere og engasjere både medlemsforbund og medlemmer. Kvar enkelt av oss må vere på vakt mot «fantastisk billege» varer og tenester. I dette arbeidet er vi alle detektivar.

Den omfattande digitaliseringa av samfunnet har gjort detektivarbeidet meir krevjande for bedrifter, offentlege etatar og for enkeltpersonar. Dei nye kriminelle er ofte både høgkompetente og kreative.

Sjølv om styresmaktene har forsterka arbeidet, kan det sjå ut som om dei kriminelle framleis ligg litt i framkant. Det er liten tvil om at det trengst større kapasitet og meir kompetanse. Dette krev ressursar. Men det vil vere investeringar som vil lønne seg på meir enn ein måte. Kampen mot økonomisk kriminalitet må trappast opp.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv