Unio-leiaren sin replikk:

Politiet – full fart på sparebluss

Politioppgåvene står i kø. Politiet treng fleire folk. Nyutdanna politifolk får ikkje jobb, somme går på Nav. Publikum forventar at politiet skal gripe inn, følgje opp og syte for at kriminalitet blir straffa. Regjeringa viser til budsjettvekst, og fleire politikontor.

Publisert: 11. mars 2024

Det er noko som ikkje stemmer når det gjeld forventningane til politiinnsats og den faktiske kapasiteten. Avstanden mellom retorikk og realitet har blitt for stor. Begge delar er i all hovudsak eit politisk ansvar.

Eit oppslag i Nettavisen illustrerer dette. Politikarprofilen Kjetil Solvik-Olsen er frustrert over måten politiet følgjer opp sykkeltjuveri. Han har nyleg blitt fråstolen ein sykkel, og det er ikkje første gong han melder til politiet. Han får takkebrev som seier at det er nyttig med statistikk over sykkeltjuveri. Men det er ikkje det den tidlegare samferdsleministeren vil ha, han vil ha handling! Men politiet har ikkje ressursar til å «fakke tjuven». Eks-statsråden blir frustrert, naturleg nok. No er ikkje dette av dei mest alvorlege brotsverka. Men det illustrerer gapet mellom forventningar og ressursar, mellom retorikk og realitet.

Derimot er det svært alvorleg når politiet som etat ikkje har råd til å sette nyutdanna politifolk i arbeid. Seks av ti som blei utdanna i 2023 arbeider ikkje i politiet. Mellom 450 og 500 politiutdanna får ikkje politijobb. Og endå verre: politiet nedbemannar! I tillegg forventar styresmaktene at politifolk skal stå lenger i arbeid. Nålauget for dei unge og nyutdanna blir dermed endå trongare. Søkartalet til politiutdanninga går kraftig ned.

Vi har lenge sett den eine rapporten etter den andre som enten viser at det er behov for større politiinnsats eller at politiet ikkje prioriterer godt nok. La meg nemne nokre saker som har vore framme den siste tida:

  • aukande vald og kriminalitet blant barn og unge
  • gjengkriminalitet og «svenske tilstandar»
  • arbeidslivskriminalitet
  • terror og trugsmål
  • organisert økonomisk kriminalitet
  • partnardrap og æreskriminalitet
  • nettkriminalitet og svindel
  • valdtekter og overgrep

Fleire saker kunne ha vore nemnde. Leiaren av utvalet som nyleg la fram ein rapport om valdtekter oppsummerte situasjonen slik: “Enten må politiet få fleire ressursar eller så må det prioriterast strengare.” Å prioritere inneber vanlegvis at somme oppgåver ikkje blir utførde eller i beste fall sette på vent. Kva for type politiarbeid skal leggast til sides? Til sjuande og sist er det eit politisk spørsmål. Men for tida er dette noko som skjer i det daglege arbeidet i politidistrikta eller i særorgana. Dermed kjem både leiarar og tilsette i ei stadig klemme. Eitt av døma er at politifolk frå andre delar av landet blei beordra til teneste i Oslo. Eg har tidlegare kalla dette politispagaten.

Samfunnet har blitt meir uroleg og uoversiktleg. Krava til beredskap på fleire område blir større og større. Når totalberedskapsmeldinga blir lagt fram for Stortinget seinare i år, får vi sikkert ei ny understreking av kor viktig rolla til politiet er.

Forventningane til politiet aukar enten det handlar om sykkeltjuveri eller om å vere ein del av totalberedskapen.

Politiet, som alle andre offentlege etatar, skal drivast godt og effektivt. Men vi kan ikkje forvente full fart på alle område med ressursar på sparebluss. Politispagaten er kort og godt skadeleg.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv