Skamplettar på norsk arbeidsliv

Det blir ofte sagt at norsk arbeidsliv er blant dei beste i verda. Det stemmer nok. Både lovverk og tariffavtalar stiller høge krav, og standarden for lønns- og arbeidsvilkår er jamt over god. Men det er ikkje heile sanninga. Her er stygge skamplettar.

Publisert: 4. desember 2017

Sosial dumping har slått så kraftig rot i ein del bransjar at vanleg tilsyn og kontroll ikkje er nok for å stoppe utvekstane. Det er alvorleg.

I tillegg ser vi stadig døme på at uvettig privatisering av offentlege tenester er med på å underminere arbeidsvilkår. Samstundes fører dette til at store summar som er meint for å sikre kvalitet i barnehagar og helseinstitusjonar endar på private hender, ofte forvalta i såkalla skatteparadis. Dette er uhaldbart. Sjølv om det er lovleg.

Nyleg kunne Aftenposten avsløre at Orange Helse, eit norskeigd bemanningsføretak, retta mot helsesektoren, har henta ut nærare 1 milliard kroner frå norske kommunar og helseinstitusjonar dei siste 10 åra. Gjennom «smart» selskapsorganisering blir millionar kanalisert til skatteparadis. På vegen står det att arbeidstakarar som har blitt utnytta både når det gjeld lønn og arbeidsvilkår. Ofte handlar dette om helsearbeidarar frå andre land, som ikkje kjenner norske arbeidslivsreglar. Dei vågar sjeldan å fagorganisere seg.

Dette selskapet har vore under oppsikt ei god stund. Men dei har lenge greidd å vri seg unna, mellom anna fordi  innleigde helsearbeidarar ikkje vågar å stå fram.

Ein del kommunar har likevel tatt til vettet og sett Orange på sidelina. Likevel kan ein verkeleg lure på kva norske kommunar driv med. Sogn og Fjordane fylkeskommune har på vegne av ei rekkje kommunar forhandla fram avtalar med Orange. Og grunngjevinga for val av leverandør: Dei er billegast!

Akkurat det same argumentet som til dømes Oslo kommune brukte for å legge grunnlaget for Renovo-skandalen!

Når skal kommunar og andre offentlege aktørar lære: Når noko er suspekt billeg, er det nettopp det: Suspekt!

Slike skamplettar må ryddast vekk. Klarer ikkje kommunane og andre aktørar å rydde opp, må Stortinget ta ansvaret!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv