Arbeidslivskriminalitet - eit angrep på velferd
– Folk er mest opptatt av at arbeidsfolk har det bra på jobben, mindre opptatt av om dei betaler skatt. Det var avdelingsdirektør Hildegunn Vollset, Skattedirekoratet, som kom med denne vurderinga då Unio i forrige veke arrangerte ein minikonferanse om arbeidslivskriminalitet. Truleg har ho rett. Og i alle fall kan dette vere ei av forklaringane på at det er så vanskeleg å få bukt med arbeidslivskriminalitet. – Vi må vere opptekne av folks skattemoral, la ho til.
Publisert: 19. september 2016
Kor mykje samfunnet taper på arbeidslivskriminalitet er usikkert. Svenske berekningar peikar i retning av at berre svart arbeid utgjer meir enn 400 milliardar kroner her til lands. Det er knapt til å fatte.
I tillegg handlar arbeidslivskriminalitet om brot på ei rekkje lover og reglar – enten det handlar om lønns- og arbeidsvilkår, trygdeytingar , trugsmål og annan kriminalitet. Ein rapport frå Riksrevisjonen påviser eit skræmande omfang, som i verste fall kan bryte ned viktige strukturar i velferdssamfunnet. Arbeidslivskriminalitet og svart økonomi er eit angrep på velferdssamfunnet.
Kampen mot arbeidslivskriminalitet blir ført i motbakke. Folka som står bak er ofte godt organiserte, og opererer på tvers av landegrenser. Dessutan blir også kriminaliteten , som så mykje anna, i stadig større grad digitalisert. Verken politiet, arbeidstilsynet eller skatteetaten har den nødvendige slagkrafta til å møte ein stadig tøffare og stadig betre organisert kriminalitet. Det er mangel på både personell og kompetanse.
Trass i ei rekkje tiltak frå styresmaktene den siste tida, mellom anna sterkare krav til tverrfagleg og tverretatleg samarbeid, verkar det som om samfunnet er på defensiven.
– Styresmaktene sin kamp mot arbeidslivskriminalitet verkar lite avskrekkande, var ei oppsummering frå Solveig Dahl i Riksrevisjonen. Dermed brukte ho Unio-seminaret til å utfordre politikarane.
I denne saka bør ikkje kreftene brukast til å krangle om detaljar, eller om kven som har gjort kva og når. På dette området trengst eit felles krafttak – ein tverrpolitisk offensiv som kan styrke og målrette kampen mot arbeidslivskriminalitet.
Dette er også ei soleklar sak for fagrørsla. Men også for kvar enkelt av oss. Viss både eg og du – alle saman – handlar kvitt, og rapporterer lovbrot, er vi med på ein viktig kamp. Også med tanke på å sikre ei god framtid for velferdssamfunnet.