Unio-leiaren sin replikk:
Kvalifisert, forberedt og motivert
Gjennom 2018 har eg hatt mange utfordrande oppgåver. Fleire av desse skal vidareførast i 2019.
Publisert: 2. januar 2019
Ei av desse oppgåvene har vore å leie eit regjeringsoppnemnt utval som skal vurdere struktur og innhald i vidaregåande opplæring, og kome med forslag til aktuelle endringar.
Utvalet leverte delinnstillinga «Kvalifisert, forberedt og motivert» i desember 2018 (NOU 2018:15). Her leverer vi eit kunnskapsgrunnlag – både gjennom historikk, statistikk og problemstillingar – som skal danne grunnlag for den endelege innstillinga mot slutten av 2019.
Den debatten vi har hatt om vidaregåande opplæring har vore for snever. Det har i stor grad handla om fråværsgrense, om mangel på læreplassar og stadige påstandar om at yrkesfaga har for låg status. Somme meiner at statusen for yrkesfaga blir heva gjennom å få tildelt studiekompetanse etter fullført yrkesopplæring. Dette er mildt sagt ein tvilsam strategi både for vidaregåande opplæring generelt, og ikkje minst for yrkesfaga.
Vidaregåande opplæring er eit viktig fundament for Unios medlemmer. Ikkje minst med tanke på at det er ein basis for studiar og påfølgjande yrkesløp.
Dei studieførebuande programma og krava til studiekompetanse har vore forsømte, nærast neglisjerte, i den offentlege og politiske utdanningsdebatten. Forsking på desse områda har også vore mangelvare. Kanskje handlar dette om at gjennomføringsgraden har vore god, og då er gjerne politikarane nøgde. Men det er likevel grunn til å spørje om studiekompetansen er god nok – og om mange nok er tilstrekkeleg kvalifiserte og motiverte for lange og krevjande studiar. Også høgre utdanning slit med svak gjennomføring og fråfall.
Det er også eit illevarslande teikn i så måte at stadig fleire utdanningar krev spesiell studiekompetanse i tillegg til generell studiekompetanse. Meir enn ein tredjedel av studieprogramma i høgre utdanning stiller no krav utover generell studiekompetanse. I tillegg ser vi stadig forslag om at inntak til høgre utdanning bør avgjerast av den enkelte institusjon, gjerne kombinert med opptaksprøver eller intervju.
Eg vil sterkt åtvare mot å gi slepp på prinsippet om generell studiekompetanse. Å leggje grunnlaget for høgre utdanning må framleis vere ei av hovudoppgåvene til vidaregåande opplæring. Det bør vere ei avklart arbeidsfordeling mellom vidaregåande opplæring og høgre utdanning.
Men skal dette fungere tilfredsstillande, må dialogen mellom dei to utdanningsnivåa systematisk styrkast. Den gjensidige kunnskapen om innhald og krav må bli betre – til beste for elevar og studentar.
Her utfordrar eg universitet og høgskular særskilt. Medan næringslivet og bedriftene gjerne viser sterk interesse for yrkesfaga, kan eg dessverre ikkje seie det same om universiteta si interesse for dei studieførebuande programma. Men her er også ein annan skilnad: medan det finst ein organiserte og lovfesta møtestader for yrkesfaga, manglar dette for dei studie-førebuande faga.
Her utfordrar eg aktuelle aktørar til gode idear. Universitets- og høgskulerådet har kanskje eit særleg ansvar for å ivareta ei slik oppgåve? Ei oppgåve som å medverke til at dei unge bli best mogeleg «Kvalifisert, forberedt og motivert».