Fri flyt – risiko og regulering

For eit par dagar sidan var det store medieoppslag om at tastetrykk i India hadde skapt risikofulle situasjonar på Statoilanlegget på Mongstad. Statoil er blant dei bedriftene som har gått i front med å flagge ut store deler av IT-drifta. Det kuttar kostnader, men kan auke risikoen.

Publisert: 1. november 2016

Tidlegare i haust  deltok eg, saman med 700 andre, på Arbeidsmiljøkongressen i Bergen.

Programmet femna breitt, med fokus på samspelet mellom tillitsvalde, verneombod og leiarar. HMS – helse, miljø og sikkerhet – prega elles kongressen

Eg deltok sjølv i ein debatt om korleis det norske arbeidslivet skal møte internasjonaliseringa. I aukande grad opplever vi digitalisering som ikkje kjenner landegrenser, men også at bedrifter får nye selskapsformer og eigarformer. Eigarane blir fjerne og dialogen blir svakare.

Det finst neppe enkle svar på korleis vi skal handtere dette. Men vi kan ikkje godta at  internasjonaliseringa skal gå hand i hand med auka risiko. Heller ikkje at internasjonale selskap skal sko seg på norsk velferd ved å drive barnehagar og helseinstitusjonar med svakare arbeids- og pensjonsvilkår for dei tilsette.

Teknologien forandrar det meste, også arbeidslivet. Somme tider til det verre. Men ofte til det betre. Det skjer så fort at det vi i dag tar som naturleg, var både trugande og risikabelt berre for få år sidan. Vi les aviser annleis, vi kjøper og les bøker annleis, vi kjøper sjeldan bussbillettar eller flybillettar over disken, og i drosja betaler vi med kort, og vi møter sjeldan opp hos banken.

Kombinasjonen fri flyt av teknologi, økonomi og folk representerer ei voldsom endringskraft.

Vi kan sjølvsagt ikkje late att augo for dei negative konsekvensane. Men svaret er heller ikkje berre å seie fy, fy! Dette er vi imot!

Det kan vere den mest risikofulle strategien. Det er som å prøve stoppe Storelva. Vi kan bygge demning. Men den blir aldri høg nok til at det ikkje renn over – før eller seinare. Og heller ikkje fagrørsla får vatnet til å renne oppover.

Men vi kan regulere og vi kan førebygge. Det er politisk arbeid. Det handlar også om å dokumentere, om å stille krav, mellom anna til risikovurderingar og til HMS-kunnskap.

Fri flyt av folk burde vere lettare å regulere og kontrollere enn teknologiflyt.

Men her har det mangla på politisk evne – og kanskje vilje. Særleg i EU, som har fri flyt som ein overordna politisk leveregel. Og Noreg har ein tendens til å kopiere dette.

Det har gjort kampen mot sosial dumping ekstra viktig og nødvendig. Fagrørsla har funne metodar, om ikkje fullgode. Samtidig er det opplagt at kampen mot svart økonomi og økonomisk kriminalitet må trappast opp.

Det må skje både nasjonalt og på tvers av landegrenser. Her byr teknologien på viktige verktøy. Då må vi ha kompetanse, ikkje flagge den ut.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv