Unio-leiaren sin replikk:
Hurra – til lukke med 17. mai!
På nytt gjer Noreg seg klar for å feire 17. mai. Vi flaggar og jublar for Grunnlova og hyllar demokratiet. Barna får ekstra mykje is og pølser. Vaksne hentar fram bunaden eller kler seg i finstasen på andre måtar. Barnetog og folketog er ein del av tradisjonen. 17. mai-talar med ymse lydkvalitet er ein annan del av tradisjonen. Vi har all grunn til å glede oss og å rope HURRA!
Publisert: 15. mai 2023
Mange av talarane vil nok, med god grunn, ta opp krigen i Ukraina. Det er nesten ufatteleg, og i alle fall skremmande, at det går føre seg ein fullskala krig midt i Europa. Det er enorme kontrastar mellom 17. mai-feiringa her heime og krigsterroren i Ukraina. For dei mange tusen ukrainske flyktningane i Noreg vil kontrastane vere overveldande.
Krigen i Ukraina slår inn på ein annan mai-tradisjon. Regjeringa har nyleg lagt fram forslaget til revidert statsbudsjett. Knapt nokon går imot at Noreg skal støtte Ukraina med materiell og pengar – fleire milliardar kroner. Dessutan seier forsvarskommisjonen at forsvaret er både underfinansiert og ineffektivt. Opprusting og meir pengar må til seier kommisjonen, og regjeringa er delvis einig.
I samband med framlegginga av revidert budsjett blir det tydeleg at regjeringa har endra både retorikk og politikk. I haust var bodskapen at det må strammast inn. Viss ikkje vil prisar og renter stige. No har pipa fått ein annan lyd. Regjeringa vil plusse på, mellom anna for å kompensere for prisveksten og straumprisar som framleis held seg høge. Det er rett at det er nødvendig å auke dei offentlege budsjetta. Men det skal leggast til at det slett ikkje er uvanleg at regjeringar er litt ekstra rause når det går mot val og valkamp.
Regjeringa sitt anslag for prisveksten er illevarslande høg, 5,4 prosent. Det vil seie at det også i år er fare for reallønnsnedgang for store grupper. Men det må vere lov å undre seg over at gapet mellom prisanslaget frå regjeringa og TBU sitt anslag er på heile 0,5 prosentpoeng. Det er trass alt ikkje meir enn eit par månader sidan TBU la fram sine tal som grunnlag for tariffoppgjera. Det er ikkje første gong at TBU ligg for lågt. Er det svake sider ved modellane som blir brukte? Eller finst det krefter som ser seg tent med å ligge lågt? Men det må minnast om at prognosane er nettopp det: prognosar. Fasiten kjem seinare. Det same gjeld for lønnsveksten, særleg i privat sektor.
Mange merkar at dei stadige renteaukane pressar økonomien. Regjeringa prøver å trøyste med at både pris- og rentevekst er høgare i andre land. Det hjelper lite for dei som er råka. Spørsmålet er no korleis Noregs Bank vil reagere på revidert budsjett. Fleire bankøkonomar spår eller ønsker høgare renter. Det aukar inntektene til bankane. Renteveksten har så langt ikkje hindra prisveksten. Somme forklarer det med at prisveksten i stor grad er importert. Det er i alle fall gode grunnar til å oppmode sentralbanken til å roe noko ned. Det er risikabelt å bruke rentevåpenet til å presse fleire ut i arbeidsløyse.
Det er nokre skumle skyer på den økonomiske himmelen. Likevel er det all grunn til å feire 17. mai i bygd og by, landet rundt. Lat oss møtast til folkefest for demokratiet.
Gratulerer med dagen!