Likelønn i stampe

Midt i avrundinga av møta i FNs kvinnekommisjon i New York, kjem nye tal om likelønn frå SSB. Det er ikkje akkurat oppløftande tal, sett med norske auge. Likelønnsgapet held seg, og er for stort.

Publisert: 20. mars 2017

Men målt mot den globale situasjonen, ser dei heimlege tala heilt annleis ut. I Noreg har trass alt både kvinner og menn likeverdig tilgang både på utdanning og arbeid. Slik er det slett ikkje over alt.

Overskrifta for årets kvinnekommisjon er “Women’s Economic Empowerment in the Changing World of Work”.

At arbeid og arbeidsliv er tema, gjer det særleg viktig for fagrørsla å ta ei viktig rolle. Partane i arbeidslivet har vore sterkt til stades i den norske delegasjonen. Samarbeidet mellom Unio, LO, NHO og KS har markert at trepartssamarbeidet fungerer også når vi er saman på internasjonale arenaer.

Men det er lang fram til semje om sterke og bindande formuleringar når krav og argument skal på plass i viktige overnasjonale dokument. Den internasjonale fagrørsla har markert seg sterkt og tydeleg, og frå Unio si side har det vore arbeidd med innspel og argumentasjon både overfor våre internasjonale organisasjonar og overfor den offisielle norske delegasjonen.

Lik lønn for arbeid av lik verdi og oppfølging av FNs berekraftsmål er saker den norske fagrørsla har fokusert på, i tillegg til at vi har understreka kor viktig det er med ein rettferdig overgang til ein klimabasert økonomi.

Her heime held likelønnsgapet seg nesten konstant, og kvinner tener i snitt 86 prosent av menn si lønn. For grupper med lang utdanning er gapet endå større – knapt 80 prosent av mannslønna. Likelønna står i stampe.

Den siste TBU-rapporten (Teknisk berekningsutval) viste ein viss framgang for likelønna. Årsaka er klar: I 2016 var ramma i offentleg sektor, som er både kvinnedominert og prega av høg utdanning, litt høgre enn ramma i industrien. Men det er eit «verkemiddel» som ikkje passar inn i frontfaget, altså industrien, sin tankegang.

Dagbladet kommenterte SSB-tala på leiarplass (17.3.2017) under overskrifta «Mye igjen før likelønn».

Likelønn er altså framleis ein kamp i eit 100-årsperspektiv. Men avisa viste også til økonomen Claudia Goldin, som hevdar at «når arbeidsplasser blir meir fleksible, utjevnes forskjellene mellom kjønnene». Dette er kanskje ein litt for enkel konklusjon.

Men likevel grunnlag for refleksjon? Er det slik at dei kvinnedominerte organisasjonane i for stor grad har basert seg på tradisjonar og strategiar frå det mannsdominerte arbeidslivet, enten det gjeld arbeidstid eller lønnsmekanismar? Og at å kopiere industritradisjonens reguleringar er blitt om ikkje ein blindveg, så ein litt for lang omveg?

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv