Unio-leiaren sin replikk:

Melby bommar

Kunnskapsminister Guri Melby frå Venstra har proklamert at heile landet skal innføre såkalla fritt skuleval i vidaregåande. Dette er ei merkeleg og uklok overstyring. Melby bommar.

Publisert: 1. desember 2020

Med dette gjer ho alle fylkeskommunane ufrie. Og ho gjer også mange ungdommar meir ufrie når ho vrakar retten til å velje å gå på nærskulen.

Regjeringa har hevda at fylkeskommunane skulle få større makt og fleire oppgåver. Det var noko av bakgrunnen for regionreforma og samanslåingar av fleire fylkeskommunar. Venstre var ein pådrivar for dette. Nyleg har ein annan Venstre-statsråd hindra at fylkeskommunane fekk fleire oppgåver på kulturfeltet. No følgjer Melby opp på det viktigaste feltet for fylka – vidaregåande opplæring. Men der er ein skilnad mellom dei to statsrådane. Medan Abid Raja lytta til innspela frå eigen sektor, gjer Melby det stikk motsette. Ho har knapt ein einaste høyringsinstans bak seg.

Dette er alvorleg. Det held ikkje at statsråden seier at ordninga skal utgreiast vidare, og at fylkeskommunane skal involverast. At statsråden køyrer så hardt ut med prinsipp og ideologi i ei så krevjande sak, og samstundes køyrer over aktørane på feltet, er ikkje til å forstå.

Kanskje er det eit forsøk på å gripe inn i den betente debatten om reglar for val av vidaregåande skule i Oslo. Her er dei politiske motsetnadane sterke, retorikken er tøff og konklusjonane uklare. Men landet og vidaregåande opplæring strekkjer seg langt utover Oslo. Utfordringane i mange distrikt er minst like store – kanskje større enn i hovudstaden.

Med fritt skuleval basert på karakterar, er det fare for A- og B-skular i storbyane og fare for sentralisering i distrikta. Samstundes er eit reint nærskuleprinsipp berre teori dersom elevane skal ha reell fridom til å velje fag og studieprogram. Ingen skular tilbyr alle fag.

Dessverre blir debatten til tider uryddig. Somme synest meine at å velje vidaregåande er som å velje grunnskule. Det er det slett ikkje. Vidaregåande er langt meir komplisert når det gjeld struktur og breidde i fagtilbod. Det er snakk om hundrevis av fag og fagvariantar. Store skular kan tilby meir enn små skular. I tillegg spelar reiseavstand og skyssordningar inn, særleg når distriktselevar skal velje skule. Og sjølvsagt ser dei på kva for fag skulen tilbyr.

Sentraliseringsspøkelset er eit element i dei fleste debattar om vidaregåande ute i røyndomen! Difor jaktar ein gjerne på ein kombinasjon av nærskuleprinsippet, karakterar, avstandar og kva ulike skular har av fagtilbod når ein vedtar inntaksordningar. Også regionalt spelar ideologi og partipolitikk inn, men knapt nokon ser heilt vekk frå nærskulen sin verdi. Dei fleste legg også til grunn at karakterar vil telje ved opptak både til Vg1 og til det vidare utdanningsløpet.

Dette illustrerer at det er mange omsyn å ta når det gjeld ungdom sitt val av vidaregåande skule. Eit prinsipp eller ei ordning som fungerer i eitt område, kan vere ueigna i eit anna. I alle fall om ein skal legge vekt på at ungdom skal ha eit likeverdig tilbod om utdanning, og at dei sjølve skal ha innverknad på framtidig utdanningsval og yrke.

Alt dette, og meir til viser kor uansvarleg det er av statsråd Melby å slenge ut eit forenkla vedtak om «fritt skuleval» gjennom ei pressemelding.

Viss kunnskapsministeren verkeleg er interessert i vidaregåande opplæring, bør ho heller sjå på kva som no skjer i fleire fylkeskommunar. Vekst i administrasjonskostnader – bygg og byråkrati – tar pengar frå vidaregåande. Det var vel heller ikkje meininga med regionreforma?

Vidaregåande opplæring er overmåte viktig for ungdomen. Utdanninga er også svært viktig for arbeids- og næringslivet.

Det er på høg tid at både sentrale og regionale styresmakter innser dette. Det trengst ein snuoperasjon der ein går frå svekking til styrking. Statsråd Melby må ta sin del av ansvaret!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv