Unio-leiaren sin replikk:

Meklingsinnspurt

Det er sagt mange gonger før. Riksmeklaren har ei oppgåve: å hindre streik. Riksmeklaren skal medverke til arbeidsfred. Somme gonger klarer ikkje meklaren å få partane til å bli einige. Det blir arbeidskonflikt.

Publisert: 22. mai 2012

Det er sagt mange gonger før. Riksmeklaren har ei oppgåve: å hindre streik. Riksmeklaren skal medverke til arbeidsfred. Somme gonger klarer ikkje meklaren å få partane til å bli einige. Det blir arbeidskonflikt.

Streik er lovleg. Det er ein regulert kampsituasjon. Det er strid mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar. Men ikkje reint sjeldan er politikken tett på. Regjeringa er i kulissane, om enn ikkje på den offisielle rollelista. Særleg når det gjeld forhandling og mekling for offentleg sektor.

Midt i meklinga justerte regjeringa ned anslaget for lønnsvekst i 2012. Stikk i strid med resultata for privat sektor så langt. «Det er mer et ønske enn et anslag», var Dagblad-kommentaren. Og dermed eit forsøk på å påverke forhandlingar og mekling.

Natt til torsdag 24. mai veit vi litt meir om utfallet.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv