Unio-leiaren sin replikk:

Useriøst frå LO

LO har hatt representantskapsmøte i forkant av tariffoppgjeret. Dei vil krevje auka kjøpekraft. Det er knapt overraskande. Derimot er det grunn til å sperre augo opp når LO-tillitsvalde brukar møtet til å gå til frontalangrep på Unio og Akademikerne.

Publisert: 26. februar 2024

At LO og andre ønsker seg tilbake til tida med éin felles tariffavtale for statstilsette er kjent frå før. Det nye no er at talspersonar for LO ber statsministeren rydde opp, og få på plass den gamle ordninga. Det er mildt sagt oppsiktsvekkande.

Også dei raudgrøne partia på Stortinget har vedtatt at dei vil ha likelydande tariffavtalar i staten. LO si tradisjonelle haldning er at politikarar skal halde seg langt unna tariffoppgjera. Men det er tydelegvis eit fleksibelt prinsipp.

Tala TBU presenterte for lønnsveksten i det statlege tariffområdet i 2023 var på 6,4 prosent. Dette er godt over snittet for arbeidslivet elles. Men dette er førebelse tal. Ein god del skuldast omfattande øvingsaktivitet i Forsvaret, noko som aukar lønnskostnadane. Dette har vi også sett tidlegare år. Både talgrunnlaget og årsakene bak er usikre. Unio har lenge etterlyst betre lønnsstatistikk i det statlege tariffområdet. På det området trengst ei opprydding.

LO-forklaringa er enkel. Den høge lønnsveksten i staten kjem av at det er to tariffavtalar, og at staten dermed har mist oversikta. Det blir ikkje spart på retorikken: «Det er full fest i de eksklusive rommene. Der spises kake, mens andre mangler brød». (Ellen Dalen, NTL, referert i Dagbladet/Børsen, 22.2.24)

LO-forbunda står fritt til å ha sterke meiningar, sjølv om dei ikkje alltid er like kunnskapsbaserte. Men dette utsegna er komplett useriøst. Mette Nord, Fagforbundet, supplerer med at «her har det vært noen få som har tatt ut betydelige tillegg». (Nettavisen 22.2.24). Dokumentasjon har ho ikkje.

Unios forhandlingsutval i staten hadde grundige diskusjonar og vurderingar bak seg då det blei bestemt at Unio skulle «skifte» tariffavtale. Erfaringane var at tariffsystemet år etter år hadde påført utdanningsgruppene svært svak lønnsutvikling. Lønnsgapet til privat sektor auka og auka. Dette kunne ikkje halde fram.

Forhandlingsleiar Guro Lind seier det som det er: «I praksis ble Unio skjøvet ut av LO/YS-avtalen fordi de aldri ville prioritere utdanningsgruppene». (Dagbladet/Børsen). Sjølv om Unio i stor grad har satsa på sentral lønnsdanning, kan vi ikkje ofre lønna til medlemmene når systemet over tid er dysfunksjonelt.

Statsråd Karianne Tung har i Nettavisen antyda at fleire etatar har brukt lønn for å rekruttere og behalde kompetent arbeidskraft. Dette er ikkje overraskande, sidan lønn er eit sentralt konkurranseelement. Men det står i sterk motstrid til det statssekretær Gunn Karin Gjul i hennar eige departement hevdar.

Statssekretæren i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet hevda på eit Unio-seminar at lønn ikkje er avgjerande for å rekruttere høgt utdanna til staten. «Vi ønsker en sammenpressa lønnsstruktur», slo statssekretæren, i det som no er “forhandlingsdepartementet”, fast. Det er altså ikkje berre LO-tillitsvalde som tyr til sterk retorikk.

Det verkar som om verken LO og eller statssekretæren er særleg opptekne av at utdanning og kompetanse skal lønne seg. Tvert imot. Den kampen må Unio ta både i staten og i andre tariffområde.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv