Unio-leiaren sin replikk:

Strid om tid på Deichman

Biblioteka er viktige samfunnsinstitusjonar. Dei har vore i endring og utvikling i lang tid med tanke på å møte digitaliseringa og andre utfordringar. Samstundes skal biblioteka styrke rolla si som kulturaktør og møteplass for alle. Denne prosessen har vore og er avhengig av kompetente og omstillingsvillige tilsette. Bibliotekarane har gått i front.

Publisert: 24. oktober 2022

Men det er grenser for kor langt dei tilsette kan og vil strekke seg for å imøtekome arbeidsgjevarane sine krav. Arbeidsgjevar har styringsrett og skal organisere og leie arbeidet. Samstundes har styringsretten klare avgrensingar både i lovverket og i tariffavtalane. Av og til oppstår det strid om grensegangen mellom arbeidstakarane sine rettar og arbeidsgjevar sine forventningar.

Det er noko av bakgrunnen for at Bibliotekarforbundet no tar ein tvist med arbeidsgjevaren, Oslo kommune, til Arbeidsretten. Striden er knytt til praksis på Deichman bibliotek, på mange måtar eit flaggskip for det moderne biblioteket. Arbeidsgjevar meiner å ha full styringsrett, og har pressa gjennom ei ordning Bibliotekarforbundet ikkje kan godta. I praksis er dette også ein strid om normalarbeidsdagen. Bibliotekarforbundet er einig i at biblioteket skal vere tilgjengeleg på kveldane og også i helgar. Men det er grenser for kor langt arbeidsgjevar kan gå i sine krav om at tilsette skal stå til disposisjon i utvida opningstider. Eit minstekrav frå organisasjonen si side er forhandlingsrett om arbeidstida. Når arbeidsgjevar avviser dette, blir det Arbeidsretten som må avklare striden.

Striden har vore i gang lenge. På mange måtar er dette ein kjend og klassisk konflikt. Politikarar ønsker at offentlege institusjonar, i dette tilfellet hovudbiblioteket i Oslo, skal vere tilgjengeleg for publikum både om kvelden og i helgane. Det hadde vore både rett og rimeleg at arbeidsgjevar så valde forhandlingsvegen for å etablere ein god praksis. Det handlar om å finne balansen mellom vern for arbeidstakarane og fleksibilitet for arbeidsgjevar og publikum. I god norsk tradisjon burde det vere mogeleg.

Fleksibilitet har også sine grenser. Strekken kan strekkast for langt. Det bør vere eit tankekors for det sitjande byrådet i Oslo at ei slik sak må til Arbeidsretten.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv