Unio-leiaren sin replikk:

Ny giv for europeisk fagrørsle

Den internasjonale fagrørsla har vore prega av krisestemning etter at generalsekretæren i ITUC (International Trade Union Confederation) måtte gå av i fjor etter korrupsjonsanklagar. No er den europeiske fagrørsla samla til kongress i Berlin. Tilliten til internasjonal fagrørsle må og skal gjenreisast.

Publisert: 23. mai 2023

Unio er medlem av både den globale fagrørsla (ITUC), den europeiske (ETUC) og den nordiske (NFS). No er vi til stades med ein sterk delegasjon under viktige kongressdagar i Berlin.

Noko av bakteppet er at heile den internasjonale fagrørsla blei skadelidande då det kom for ein dag at Luca Visentini, ein svært sentral person i fagrørsla hadde forbindelsar til ei korrupsjonssak knytt til EU-parlamentet. Visentini hadde åtte år bak seg som generalsekretær i den europeiske fagrørsla (ETUC), og var nyleg vald til generalsekretær i den globale fagrørsla (ITUC) då saka blei kjend. Visentini hadde ikkje gode nok forklaringar på situasjonen. Visentini måtte gå av, mellom anna etter press frå Unio og dei andre hovudorganisasjonane i Norden. No er det tid for ein ny giv!

93 medlemsorganisasjonar frå 41 land gir ETUC ei stor kraft i påverknaden av europeisk politikk, først og fremst arbeidslivspolitikk og økonomisk politikk. I tillegg er 10 bransjeorganisasjonar tett knytte til ETUC. Mykje av arbeidet er retta mot å påverke EU, noko som også er viktig for Noreg.

Kongressen i Berlin samlar godt over 600 delegatar. Politikk skal vedtakast og ny leiing skal veljast for den komande 4-årsperioden. I tillegg skal det markerast at det er 50 år sidan ETUC blei stifta.

«A fair Deal for Workers» er både slagord for kongressen og overskrift på det politiske programmet som er til debatt. Programmet er inndelt i fem innsatsområde. Desse er klassiske fagforeiningstema og tar opp saker som fagforeiningsfornying, økonomi og framtidas arbeidsliv. I tillegg meislar programmet ut retning for ei rettferdig europeisk framtid, med søkelys på både demokratistyrking og kamp mot høgreorienterte grupperingar. Samtidig blir det lagt vekt på at ETUC som organisasjon og den europeiske fagrørsla samla skal bli sterkare.

I tillegg til hovudforhandlingane er det fleire særmøte knytt til kongressen. Mellom anna er det ein eigen ungdomskonferanse, der nestleiaren i Unio-studentane representerer Unio.

Det vil bli fleire resolusjonar. Mellom anna vil det her bli sett søkelys på den sterke pris- og kostnadsveksten som pressar økonomien og levekåra til arbeidsfolk over heile Europa. Når dette i mange land blir følgt opp med innstrammingar i velferdstenester, må fagrørsla seie tydeleg frå.

Europeisk fagrørsle vil også bruke kongressen til å seie sitt om den tragiske og uakseptable krigen i Ukraina.

Det skal veljast ny leiing. Esther Lynch frå Irland rykka opp frå posisjonen som visegeneralsekretær til fungerande generalsekretær i fjor. Ho er innstilt som ny generalsekretær, og får Unios stemmer.

Ein slik kongress er meir enn møte og vedtak. Det er også ein arena for å dele kunnskap og erfaring utanfor dei formelle møta. Slik bygger ein fellesskap og UNIO(N) POWER!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv