Unio-leiaren sin replikk:

Blåblå verdiar

Folket har talt, og Erna og Siv har sagt sitt: Vi får ny regjering. Det blir endringar, store og små. Særleg vil vi i fagrørsla merke nye grep. Kanskje har vi godt av det?

Publisert: 9. oktober 2013

Eg får snakke for meg sjølv: fornying og radikale endringar – bortsett frå eigne krav – har ikkje akkurat stått høgast på dagsordenen.

No må vi tenkje nytt. Difor ligg regjeringserklæringa, den politiske plattforma frå Sundvollen, på nattbordet no. Eit par dagar, i alle fall.

Snart overtar den praktiske politikken. Då får vi vite meir. Også om skilnaden på ord og handling. Slik var det også med Soria Moria I og II. Erklæringane blei studert, finstudert, gløymt og henta fram ved behov. Særleg når dei raudgrøne ikkje gjorde som dei hadde skrive.

Det startar greitt med verdigrunnlaget. Ikkje særleg kontroversielt. Absolutt mykje bra. Som respekt for kunnskap, sosialt ansvar og internasjonal solidaritet. Mindre byråkrati – ordet har alt blitt påført ein negativ klang – så det skaper neppe regjeringskrise. Enklare kvardag er fint. Og tenk, regjeringa vil motarbeide sløsing med offentlege midlar! Andre former for sløsing, sløsing med private midlar, står det ikkje noko om. Men det høyrer vel heime under fridom for enkeltmennesket.

Og så står det eit avsnitt om klima. Difor var det ikkje nødvendig å ta det med blant dei åtte viktige satsingsområda, er forklaringa. Kanskje var punktet som ikkje kom med, ein gevinst Siv måtte ha for å vise fram i eigne rekkjer?

Men når det er sagt: dei åtte punkta er gode, somme av dei definitivt både viktige og framtidsretta. Både kunnskap, velferd, tryggleik og betre ordningar for svake grupper er med. Offensivt formulert. Medan vi ventar på budsjetta.

Og så blir det mykje jobb for mange: det skal settast ned fem utval, tre kommisjonar, 27 område skal utgreiast og 39 skal gjennomgåast. Og så skal det visast gjennomføringskraft. Kanskje blir det litt å gjere for byråkratiet, likevel?

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv