Unio-leiaren sin replikk:

Arbeidslivets største møteplass

Ting tar tid. Framstega er små, men viktige. Slik har eg opplevd tidlegare arbeidskonferansar i ILO-regi.

Publisert: 7. juni 2011

I desse dagar er arbeidslivspolitikk toppsak i Genève. International Labour Organization (ILO) er møteplass for arbeidstakarar, arbeidsgjevarar og styresmakter. Det er internasjonalt trepartssamarbeid som blir testa ut gjennom den årlege og tre veker lange ILO-konferansen. ILO er ein del av FN-systemet, og fekk fredsprisen i 1969. I år er det konferanse nummer 100 i rekkja.

Noreg stiller med ein stor delegasjon, der Unio har ein sjølvsagt plass. Arbeidsforma er først og fremst komitéarbeid av det omfattande slaget. Og ein god del korridorarbeid. Og tautrekking og kompromissjakt. Det handlar om ord og uttrykk. Formuleringar og nyansar. Vedtaka – dokumenta – står sterkast når flest muleg står bak, er tanken. Og hovudmålet er eit anstendig arbeidsliv.

ILO-konferansen er ein smeltedigel. 3–4000 delegatar og rådgjevarar inn og ut av møtesalar. Det er både kulturkollisjonar og politiske kollisjonar. Ikkje minst ser ein det når menneskerettar står på dagsordenen. I somme land er det livsfarleg å vere fagorganisert og tillitsvald.

ILO er viktig. Men har få tøffe verkemiddel. ILO rår ikkje over straffetiltak. Det handlar om oppmodingar og utfordringar. Land blir oppfordra og utfordra til å slutte seg til – vedta – rekommandasjonar og konvensjonar. Og det handlar om rapportering.

Likevel, ILO kan gi rapp over fingrane. Gjennom erklæringar og vurderingar. Til og med Noreg har fått påtale. Mellom anna for overdriven bruk av tvungen lønnsnemnd. Slik kritikk er ei ripe i lakken. Ikkje minst når det rammar land som rosar seg av godt arbeidsliv og velfungerande trepartssamarbeid. Det gjer jo Noreg.

Også på arbeidstakarsida kan samarbeidsidyllen slå sprekker. Særleg når fotarbeidet ikkje er bra nok. ITUC – verdsorganisasjonen Unio er medlem i – koordinerer viktige prosessar på “vår” side.

Det var slett ikkje noko glitrande trekk å medverke til at Kina fekk plass i hovudstyret. Dialog er bra. Men å gi plass til eit regime som neglisjerer heilt sentrale ILO-konvensjonar, vitnar om at fundamentale rettar må vike for økonomisk makt. Også i Genève.

Kva for mekanismar som var i sving då Norden mista plassen sin i hovudstyret, er eg meir usikker på. ITUC-leiinga medverka i alle fall til at LOs Trine Lise Sundnes måtte vike for godt vaksne menn frå andre europeiske organisasjonar.

Men lange og viktige dokument med små steg blir nok utfallet i år også, sjølv med Kina inne og Norden ute av styret.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv