Unio-leiaren sin replikk:
Høgrejakt på effektivisering
Høgre kallar seg eit kunnskapsparti, og vil føre det partiet kalla(r) ein «konservativ fremskrittspolitikk».
Publisert: 23. september 2012
I programutkastet for komande stortingsperiode skal slike verdiar realiserast mellom anna gjennom: 1. Skrifteleg sidemål skal blir valfritt, og 2. Borgarane skal miste retten til å få svar på eiga målform når ein skriv til staten.
Begge forslaga vil i praksis svekke nynorsken. Det siste vil dessutan svekke borgarane sin valfridom. Staten skal få rett til å overprøve ditt personlege val av målform. Ikkje nettopp det ein forventar av Høgres verdikonservative politikk. Eg høyrde Bent Høie sine famlande forsøk på å grunngi forslaget som ein kamp mot byråkratisk regelverk. Det skulle bli enklare og meir effektivt om statstilsette slapp å ta omsyn til at vi har to offisielle målformer her til lands. Ja, Noreg er i grunnen eit ineffektivt land – langt og kronglete, spreidd busetnad, mange dialektar og to norske målformer, og samisk i tillegg. Dette stimulerer visst til å jakta på effektivisering!
Sjølvsagt er det trøblete å skrive nynorsk for folk som har bokmål som hovudmål. Det veit eg mykje om. Og den statlege praksisen er alt no så som så. No vil altså Høgre bygge vidare på ein praksis i utdanningspolitikken partiet ofte har opponert mot: Når noko viser seg vanskeleg å lære, reduserer vi krava. Denne gongen ved å svekke rettane til borgarar. Så står det att å sjå om det er mange nok i partiet som finn ut at likevel ikkje er «konservativ fremtidspolitikk».