Unio-leiaren sin replikk:
Meir enn frontfagsprognosen
Streiken i privat sektor blei kortvarig. Berre ei knapp veke hadde LO- og YS-medlemmer streikevestane på. NHO-bedriftene hadde ikkje råd til å stå særleg lenge i kampen. NHO gjekk med på å endre pengefordelinga, men ramma på 5,2 prosent stod visst nok fast.
Publisert: 24. april 2023
Her fekk vi samstundes illustrert ein klassisk skilnad mellom privat og offentleg sektor. Bedriftene kom raskt under press. Det handlar ikkje om at brus og øl er viktigare enn offentlege tenester som helse og utdanning. Men når arbeidet stoppar i privat sektor taper bedriftene pengar. I det offentlege er streik pengar spart for arbeidsgjevarane. Trass i NHO-retorikken om usikre tider for somme bedrifter, blei det tydeleg at mange bedrifter har økonomisk handlingsrom.
No står ei rekkje andre tariffoppgjer for tur. For Unio gjeld det forhandlingar både mot KS, staten, Oslo kommune og Spekter. Dei ulike tariffområda har sine særskilte utfordringar. Men krav om reallønsvekst vil vere gjennomgåande og tydeleg for alle.
I lys av fleire streikar dei siste åra, knyter det seg størst mediespenning til oppgjeret i KS. Det er på sin plass å minne om at Unio var i streik i dette området i mellomoppgjeret i 2021. I tillegg var det lærarstreik i fjor. Kommunesektoren er det største tariffområdet – flest tilsette – i arbeidslivet. Her er behovet for å rekruttere godt utdanna personell stort. Sektoren har blitt hengande etter lønnsmessig. Særleg gjeld det dei med lengst utdanning og ansiennitet. Difor er det eit klart krav at det må meir til enn 5,2 prosent lønnsvekst i kommunane.
I år er det 20 år sidan Bondevik II-regjeringa vedtok å overføre forhandlings-ansvaret for lærarane frå staten til kommunesektoren. KS har ikkje levd opp til ansvaret dei ville ha og omsider fekk. Det er på tide at KS viser evne og vilje til å forvalte dette ansvaret på ein skikkeleg måte.
I alle tariffområda stiller Unio med både forhandlingsvilje og evne til kamp om det skulle bli nødvendig. Tidlegare har mange kommentatorar og arbeidsgjevarar nærast tatt det for gitt at frontfagsresultatet, eller industriforhandlingane, leverer fasiten for alle andre tariffoppgjer. I år har kommentarane og haldningane vore meir nyanserte. Mange har sett at frontfagsmodellen har sine svake sider. Og heller ikkje årets 5,2 er ein fasit. Det er ein prognose.
Trass i NHO-retorikken om usikre tider for somme bedrifter, er det tydeleg at mange bedrifter har økonomisk god lønnsevne. Det viser mellom anna leiarlønningane. Det er ikkje usannsynleg at dette kjem til synes i dei lokale forhandlingane. Kva som blir det endelege frontfagsresultatet står att å sjå.
Det står også att å sjå korleis leiarlønningane i både privat og offentleg sektor vil utvikle seg. Mange toppleiarar har håva inn feite lønningar og bonusar. Samstundes har peikefingeren med krav om moderasjon vore retta mot arbeidstakarar, ikkje minst i offentleg sektor.
Slikt nyttar ikkje lenger!