Unio-leiaren sin replikk:

Gammaldags blir moderne

«Norge trenger nye ideer og bedre løsninger.» Slagordet frå Erna Solberg blinkar mot oss på Høgre si heimeside. Det er eit godt og fengande slagord.

Publisert: 18. november 2013

Men enten meiner ikkje Erna Solberg alvor, eller så har ho ikkje gjennomføringskraft. Eller er det så enkelt at likestillingspolitikken skal vere fritatt for nye idear? Rett nok heiter det i regjeringsplattforma at likestillinga skal styrkast, og likestillingspolitikken skal byggast på positive og stimulerande verkemiddel.

Men i praksis er det gamle idear som dominerer. Redusert pappaperm og meir kontantstøtte. Verkemidla stimulerer, men i feil retning. Kvinner blir lokka ut av arbeidslivet. Det hjelper lite å snakke om heiltidskultur, når fleire skal praktisere denne utanfor arbeidslivet.

I tillegg understrekar likestillingsministeren stadig kor bekymra ho er over at heimeverande kvinner blir nedsnakka og diskriminerte. Eg skal ikkje moralisere over individuelle val. Sjølvsagt må den enkelte familie styre eigne liv. Men når politikken i praksis stimulerer til å velje vekk eiga inntekt og pensjonsopptening, er det antilikestilling. I det lange løp blir kvinner mindre økonomisk uavhengige, og arbeidslivet taper kompetanse.

Då blir det berre preik når likestillingsministeren seier at «kjønnsskjeve utdannings- og yrkesvalg er uheldige og bidrar til å opprettholde forskjeller i lønn, karrieremuligheter, arbeidstid og arbeidsmiljø». Og så legg ho til at ho er bekymra over at få menn går inn i helse og omsorgsyrka (sic!).

Unio og dei andre partane i arbeidslivet blei i vår einige med regjeringa om å forsterke gjennomføringskrafta i likestillingspolitikken gjennom Arbeidslivspolitisk råd. No har den nye regjeringa på toppen av alt trekt likestillingsmeldinga. At ei ny regjering trekkjer ei nyleg levert melding frå avtroppande regjering er ikkje heilt uvanleg. Dei vil gjerne sette sitt preg på politikken. Det er nettopp det som er illevarslande for likestillingspolitikken: gammaldags blir «moderne».

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv