Unio-leiaren sin replikk:

Aldri for seint

– Eit godt år kjem aldri for seint, sa Ivar Aasen Og hadde rett, som så ofte.

Publisert: 19. desember 2012

Eit år er snart omme. Eit nytt er i kjømda. Denne gongen også i form av Språkåret 2013. Alle år er språkår. Men det er litt ekstra med 2013: To hundre år sidan Ivar Aasen vart fødd. Hundre år sidan den første framsyninga på Det Norske Teatret. Både bokmål, nynorsk, samisk og andre språk skal feirast.

Språk er moro. Språk er viktig. Og det utfordrar. Ikkje minst eigen kunnskap, og eiga toleranseevna. Språk er også nyskaping. Tenk berre på årets nyord: å nave. Naving er kanskje ikkje så kreativt, men ungdommane som kom på ordet var nyskapande.

I arbeidslivet har vi også eit nyord: monsterløn. Og somme toppleiarar kjenner seg kanskje monsteraktige?

I fagrørsla er vi ivrige språkbrukarar. Men kanskje ikkje blant dei aller beste. Språk er makt, men språk er også identitet. Fagrørsla er underforbrukarar av nynorsk. Neppe ein god strategi for ei rørsle som strevar med oppslutnad og har fellesskap som kjerneverdi.

Det var litt sjølvkritikk.

Og litt til: I fagrørsla er vi prega av vårt eige stammespråk. Vi omgir oss med lassevis av forkortingar. Dessutan – å lese ein tariffavtale bør gjere lesaren klokare. Eg er redd lesaren – i alle fall førstegongslesaren – blir meir forvirra enn klok. Språkrøkta er det så som så med når det skal forhandlast, vinnast og kompromissast på ein gong.

I alle fall burde ein få sjansen til å bli klok eller forvirra på eiga målform. Tariffavtalane burde vere på begge målformer. Og staten må sjølvsagt vere det gode førebiletet. I Språkåret 2013 må det skje. Det er aldri for seint.

God jul og godt nytt språkår.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv