Unio-leiaren sin replikk:

Kutt i stønad til unge uføre?

Det internasjonale pengefondet (IMF) har vore på Norges-besøk. Med jamne mellomrom kjem IMF med analysar av den økonomiske politikken i enkeltland. IMF kjem også med tilrådingar om kva som bør gjerast. Ofte handlar det om å kutte i offentlege utgifter.

Publisert: 13. mai 2019

Denne gong var det mellom anna sett søkelys på veksten i talet på unge uføre. IMF har rett i at veksten er urovekkjande stor. Den har auka frå 10 000 i 2014 til 18 000 i år. IMF sin medisin er å kutte i uføretrygda, Noreg stimulerer unge til å «bli uføre», hevdar IMF. Problemet er at IMF sin medisin berre vil verke på eit fåtal, og biverknadene er svært alvorlege for mange.

Ei viktig årsak til veksten er rett og slett medisinske framsteg. Fleire overlever alvorlege sjukdommar og alvorlege ulukker. Mange av desse er ikkje i stand til å arbeide, og slett ikkje i eit arbeidsliv der krava til produktivitet og effektivitet aukar.

Det er psykisk utviklingshemming og medfødde sjukdommar som er dei viktigaste årsakene til at ungdom blir uføre, ifølgje NAV. Seks av ti unge uføre blir trygda på grunn av psykiske lidingar. Dermed får dei også problem med utdanninga si. Somme av dei unge uføre har berre grunnskuleutdanning, og har kanskje verken helse eller kompetanse til å bli ein del av arbeidslina.

Du kan ikkje berre melde deg på uføretrygd. Både legeerklæring og saksbehandling i NAV må til. Og på vegen mot økonomisk stønad er det mange som har med seg negative opplevingar, og svekka sjølvkjensle. Slik stigmatisering styrker ikkje akkurat sjansen for å kome i arbeid. Dette er ei klar melding frå mange Unio-grupper som står midt i dette viktige fagfeltet.

Det er ikkje tvil om at utdanning er ein god medisin, også på dette feltet. Men då må det vere politisk vilje – både hos sentrale styresmakter og i (fylkes)kommunane – til å legge pengar på bordet. Det nyttar ikkje at kommunar klagar over at det blir for «mange» og for dyre lærarar til dømes, dersom innsatsen skal forsterkast.

Ifølgje NAV er det fare for vidare vekst i talet på unge uføre. Det er uheldig, og må møtast offensivt og med varierte verkemiddel. NAV sin medisin er betre helsetilbod i tidleg alder og sterkare satsing på utdanning. I tillegg trur eg det må vurderast å differensiere ytingane ytterlegare, og ikkje minst må helsetilbodet og utdanningstilbodet i større grad individuelt tilpassast. Dette krev ressursar. Det må vere politisk vilje til å investere. Dessutan er det nødvendig med betre samarbeid mellom NAV og dei vidaregåande skulane.

Det er påvist at å vere ufør kan «gå i arv». Eit miljø med mange uføre, kan skape fleire uføre. Somme må møtast med oppmuntring og tilrettelegging, andre må møtast med lokkemiddel og press. Det er lov å stille krav, også til denne gruppa.

Det som ikkje er lov, er å stigmatisere. Når uføregraden er slik at sjansen for å kome i arbeid er minimal, må denne gruppa få sleppe maset om insentiv for å kome ut i eit arbeidsliv som ikkje har plass til dei.

Som samfunn må vi gi dei verdige liv, og noko å leve av. Då kan vi ikkje ukritisk bruke IMF sin medisin. Risikoen for biverknader er for stor.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv